Føremålet med rullering av kommuneplanens arealdel
I samsvar med plan- og bygningslova skal kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen (kommuneplanens arealdel) som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Kommuneplanen skal m.a. vurderast i høve arealbruk for komande fireårsperiode. Ved rullering vil det m.a. vere behov for å sjå på:
- Oppdatering av rammer for arealdisponering i samsvar med Kinn kommune sine visjonar for utvikling av kommunen
- nytt lovverk
- nye nasjonale og regionale føringar, sjå kap. 2 i planomtalen
Planforslaget
Forslag til ny kommuneplan består av plankart, føresegner, planomtale og konsekvensutgreiing/ROS-analyse. I tillegg følgjer, temakart og fleire grunnlagsrapportar som vedlegg til planen. Forslag til ny kommuneplanen sin arealdel var utlagt til 1. gongs offentleg ettersyn i perioden 07.07.2023 – 03.11.2023. Kommunen har handtert høyringsfristen fleksibelt, slik at innspel fram til sommaren 2025 er oppsummert og søkt vurdert så langt det har latt seg gjere. Innspel i høyringsperioden er også ein del av sakshandsaming av kommuneplanen, desse er oppsummert og vurdert i eige vedlegg.
Utsnitt av kommuneplanen sin arealdel som viser områda planen gjeld forHovudtrekka i arealplanen er vurdering av kva areal kommunen meiner bør leggast til rette for ulike typar utbygging og kva areal der det ikkje bør byggast ut. I vurderingane er det lagt til grunn nasjonale/regionale/kommunale føringar for arealbruk, ulike typar fareområde, natur-, kultur-, friluftsområde og andre interesser eller konsekvensar m.m. For byggeareal har det i planarbeidet vore størst fokus på tilrettelegging for bustad og næring. Det har og vore arbeidd med ei behovsvurdering for næringsareal.
Parallelt med kommuneplanarbeidet vert det køyrd ein prosess med oppheving av eldre reguleringsplanar. Revidert forslag til ny kommuneplanen sin arealdel inneber ikkje behov for å føreslå oppheving av fleire reguleringsplanar enn det som var utlagt på høyring i 2023. Det er lagt opp til at slutthandsaming av sak om forslag til oppheving av eldre reguleringsplanar, vert handsama parallelt med slutthandsaming av ny kommuneplanens arealdel.
Medverknad i høyringsperioden
Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 30.10.2025 – 11.01.2026.
Det er lagt opp til at kommunens innbyggarar skal kunne ha gode høve for medverknad og informasjon i høyringsperioden. Det er difor lagt opp til:
- Informasjonsmøte: Det blir arrangert informasjonsmøte i Florø og Måløy, desse vert annonsert seinare.
- Open dag på Måløy rådhus og Florø kulturhus, med utvida opningstid, der ein kan komme innom å snakke med sakshandsamarane. Open dag vert annonsert/varsla seinare.
- Sakshandsamarane vil og vere tilgjengeleg i ordinær arbeidstid for å rettleie og svare på spørsmål.
Innspel og merknader
Planen med tilhøyrande plandokument, og andre sentrale dokument i saka, er å finne på arealplaner.no, vidare til fana «Planbehandlinger» og til «Offentleg Ettersyn, 2. gongs handsaming», der alle dokumenta også ligg. Plankartet vert også tilgjengeleg på kommunen sine kartsider, der du først zoomar inn på den staden du skal, og deretter tar du på kartlaget «Kommuneplan på høyring».
Ta gjerne kontakt med oss på arealplanavdelinga i høyringsperioden dersom du har spørsmål, eller behov for meir informasjon. Kommunen har sett høyringsfristen noko vidare enn det plan- og bygningslova krev. Vi gjer merksam på at det ut i frå vidare framdrift med arbeidet, ikkje kan påreknast moglegheit for utvida frist for å kome med merknadar.
Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på
De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no. Alle merknadar/innspel må vere sendt til kommunen innan 11.01.2026.
Generelle opplysningar
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde, kommunen svarer difor ikkje på merknader enkeltvis. De vil derfor ikkje få svar på korleis merknaden dykkar er innarbeidd i planframlegget, men de kan finne det ut ved å sjå på merknadshandsaminga, der er alle innspel/merknadar er oppsummert, og det er kommentert korleis dei er teke omsyn til i planarbeidet.