Formannskapet møtast på cruiseskipet Costa Favolosa i Måløy neste torsdag

Neste torsdag har formannskapet sitt møte på cruiseskipet Costa Favolosa i Måløy. I denne artikkelen finn du agenda for dagen, ei kort oversikt av aktuelle saker og lenke til direktesending.

Agendaen for møtet

Dagen starter med oppmøte på cruisekaia og innsjekk på skipet. Formannskapet sine medlemmar får ei omvising på skipet, og ei orientering frå Carnival Corporation. Frå om lag kl. 10.00 - 12.00 er det ordinært formannskapsmøte, følgd av ein time med lunsj, og frå kl. 13.00 - 15.00 starter møte igjen med finansutval og formannskap.

Vedtakssaker

I tillegg til nokre orienteringssaker, står det 14 saker på agendaen til møtet i formannskapet. Nedanfor finn du ei kort oppsummering av aktuelle saker.

Auke i økonomisk løyving til krisesenteret

Grunna eit stramt budsjett for bustadane til krisesenteret, samt renteauke dei seinare åra og vedlikehald, har utfordringane økonomisk auka. Krisesenteret har no ikkje ein berekraftig økonomi lenger. 

Krisesenteret sin økonomi har vore handsama i samarbeidsutval for krisesenteret, i kommunedirektørkollegiet og vert no løfta som politisk sak for endeleg avklaring. Saka drøftar kva alternativ ein har for å handtere situasjonen.

Kommunedirektøren tilrår å auke tilskotet til Interkommunal krisesentertilbod med kroner 123 936,- årleg.

TV-aksjonen 2026 - NRC Flytkninghjelpen

Gjennom TV-aksjonen i år ønskjer NRC Flyktninghjelpen å bidra til at over 400 000 menneske på flukt får tryggare og betre bustadforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

I saka ligg det i framlegg til vedtak at Kinn kommune bidreg til TV-aksjonen 2026 med kr. 1,- per innbyggar, og at bidraget til TV-aksjonen 2026 vert å dekke over ramma for politisk arbeid.

Orientering om kjøp og sal av eigedom i 2026

Kinn kommune kjøper og selger gjennom året eigedom og areal som ledd i forvaltninga og utviklinga av den kommunale eigedomsmassen. Transaksjonane omfattar både strategiske kjøp, kjøp av areal til kommunal infrastruktur og sal av eigedomar og areal som kommunen ikkje lenger har behov for. Kommunedirektøren legg fram ei samla orientering om gjennomførte kjøp og sal så langt i 2026, samt status sett opp mot vedteke budsjett. 

Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort 

Etter den nye viltressurslova er det forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (jf. § 26), men det er opna opp for å tillate dette i forskrift ved særskilde tilhøve. I kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vert det ikkje opna for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort, og ei lokal forskrift vert ikkje utarbeidd.

Les alle sakene i møteplanen

Gå til møteplanen vår for å sjå alle sakene og tilhøyrande saksdokument. 

Direktesending

Møtet vert sendt direkte via kommuneTV.