Attestar

Skuleelevar og fråværsattestar

Alle som er sjuke og treng medisinsk behandling får time hos lege etter vanleg prioritet i høve sjukdommen sitt alvor. Her vert attest laga ut frå behov, men attest er her ikkje det primære.

Dei som har fått melding om at dei står i fare for å komme over 5% grensa i eitt eller fleire fag, får tilbod om medisinsk vurdering same dag, dersom dei denne dagen har det aktuelle faget på timeplanen. Eleven må dokumentere dette og må i desse høva kontakte Måløy legesenter på morgonen.

Sjuke elevar som er borte fra skulen og ynskjer attest, men som endå ikkje har fått melding om at 5% grensa er nådd vil ikkje få tilbod om medisinsk vurdering og kontakten vert heller ikkje journalført.

Elevar med kronisk sjukdom med fare for auka skulefråvær bestiller vanleg time hjå fastlege for medisinske råd og avklaringar og evt relevant dokumentasjon til skulen.