Kultur for helsa - LEV VEL

LEV VEL - kultur for helsa, er Kinn kommune sitt arbeid innan kultur og helse, livskvalitet og musikkterapi.

Arbeidet er organisert under helse og velferd, og jobbar tett i lag med kulturtenesta. Målet er å legge til rette for god kvardagar og livskvalitet for inbyggarane - uansett kva fase i livet dei er i. Samarbeidspartnarar er med på å bidra til at vi kan invitere til ulike lågterskeltilbod for vaksne. 

Få besøk, eller bli meir aktiv!

Få besøk er eit tilbod til deg som ønskjer å kome i kontakt med nokon, anten i form av jamlege besøk av ein frivillig for å gjere noko triveleg saman, eller delta i eit større fellesskap. Få besøk handlar om å få informasjon om dei ulike kultur- og aktivitetstilboda i kommunen. 

Korleis få besøk?

Registrer deg her - få besøk eller bli meir aktiv!

Registrer deg i skjemaet ovanfor, så tar dei kontakt med deg. For informasjon om aktivitetstilboda der du bur, eller det å få besøk av ein frivilig, kan du sjølv, pårørande eller helsepersonell registrere deg i skjemaet også.