Serviceerklæring

Måløy legesenter har ei serviceerklæring for å klargjere kva pasientane kan forvente av tenestene våre, og kva ansvar du har som pasient. 

Ventetid

Pasientar skal få tilbod om konsultasjon så tidleg som mogleg, og normalt innan fem arbeidsdagar.

Tilgjengelegheit

Telefontid måndag til onsdag kl. 08.30 - 11.30 og 12.15 – 15.00. Torsdag frå kl. 09.30 - 11.30 og 12.15 - 15.00. Fredag 08.30 - 11.30 og 12.15-15.00. Førespurnader som e-kontakt og e-konsultasjon kan forventast å bli besvart innan 5 arbeidsdagar.   Sjukekebesøk etter avtale.

Augeblikkeleg hjelp

Måløy legesenter har daglegvakt måndag til fredag frå kl. 08.00 - 16.00. Du vil bli prioritert ut i frå haste- og alvorlighetsgrad.  Legevakt tlf.nr. er 116 117,  AMK 113 og telefonnummeret til fastlegekontoret er 57845230.

Kontroller

Pasientar med kroniske sjukdommar blir satt opp til 3-4 kontrollar i året – inkludert årskontroll og legemiddelgjennomgang.

Oppfølging etter sykehusopphald og kontakt med andre helsetenester

Behandlende instans informerer ofte om når, kor og korleis oppfølging skal vere. Legekontoret skal følge med epikriser, beskrivelser av røntgen og B-prøvesvar, men det anbefalast på det sterkaste å bestille time til kontroll etter å ha vore på supplerande undersøkingar.

Legeerklæringer, førerkortattester og andre attester

Normalen for å besvare slike førespurnader er vanlegvis 3 veker. Det er ønskeleg at pasient møtar opp til avsatt time for gjennomgang av informasjon som blir gitt vidare.

Administrasjon

Dei ulike legane ved  Måløy legesenter har avsett tid til administrasjon på ulike dagar. Dette er til dømes tid til samarbeid med heimetenesta, psykisk helse, ansvarsgruppe Nav, annan tverrfagleg aktivitet, gjennomgang av innkommande epikriser og andre førespurnader.