Orkester og kor for ungdom og vaksne Storband Meld deg på storband i FlorøFlorø kulturskule har sitt eige storband, som vert leia av Arne Sunnarvik og Leszek Michalski. Storbandet har prøve i kulturskulen sine lokale kvar onsdag mellom kl. 18.30 og 20.30.Florø storband har om lag 16 medlemmar, med vanlegvis slik besetning; 4 på trumpet, 3 trombone, 2 altsax, 2 tenorsax, 1 baritonsax, 4 i komp og 2 på vokal. Vi skulle gjerne hatt 4 på trombone, så for tida manglar vi 1 på trombone.For å bli med i storbandet må ein ha eit visst musikalsk og teknisk nivå. Storbandet spelar musikk med høgre vanskelighetsgrad innan sjangrane tradisjonell storbandmusikk, dansemusikk, jazz, rock og funk.Bandet gjer både danseoppdrag og konsertar. Florø strykeensemble Anbefalt nedre aldersgrense 16 år. Søk plass på Florø strykeensembleMålÅ musisere sammen på eit høgare nivå.Om undervisningaTo timar ein gong i veka, eller fire annakvar veke.Florø strykeensemble er eit vaksenorkester. I dette orkesteret prøver vi å halde eit høgt nivå. Medlemmane må difor være erfarne på sitt strykeinstrument. Har du eit høgt nivå på ditt strykeinstrument og vil spele i ensemblet, -ta kontakt! Gammen mannskor For alle vaksne menn.Søk plass på Gammen mannskor i FlorøMålÅ musisere sammen.Om undervisningaTo timar ein gong i veka på alderssenteret Havglytt. Sangglede Søk plass på Sangglede i FlorøSangglede er eit kulturskulekor og er eit kor som er open for alle. Det øver på dagtid på Havglytt aktivitetssenter. Sesongen 23-24 øver koret på onsdager mellom kl. 11.00 og 13.00.Koret har i dag 55 medlemmer. Det har eit variert reportoar med ulik vanskeleggrad. Her kan du få utfordringar om du syng i kor for fyrste gong eller har lang erfaring. Koret arbeider fram mot opptredenar og større produksjonar. Sangglede syng opptil 4-stemt men tilpassar koret og kva ein vil strekke seg etter. Den musikalske meistringa og opplevinga er viktig. Men ikkje minst er koret ein viktig sosial møteplass. Velkommen til å vere med uansett alder. MålÅ musisere sammen.Om undervisningaTo timar ein gong i veka.Besøk Sangglede si Facebook-side her Publisert 08.10.2025 08.34 Sist endra 08.10.2025 11.27