Kulturskuletimen i SFO-tid

Kulturskuletimen er eit gratistilbod til elevar i frå 1. til 3. klasse. Elevane melder seg på gjennom skjema utdelt på skulane, eller direkte her på heimesida. 

Søk plass på kulturskuletimen i Florø

Gjennom eit år på kulturskuletimen får ein kjennskap til song, rytme, ulike instrument, bevegelse, samspel og det å opptre. Tilbodet går over eit heilt år, men ein kan sjølvsagt hoppe av for å melde seg på eit instrument i kulturskulen i løpet av året. Kulturskuletimen er nemleg meint som ein smakebit på det ein seinare kan møte om ein melder seg på eit fag i kulturskulen.

Foreløpig er tilbodet kun i avdeling Florø.