Søk på aspirant i korps i Måløy
- Individuell undervisning.
- Undervisninga føregår på: Raudeberg, Skavøypoll og på kulturskulen.
Aspirantopplæringa er eit samarbeid mellom skulekorpsa og kulturskulen, der korpsa kjøper elevplassar.
Undervisninga føregår stort sett i SFO-tid. Kulturskulen prøver så langt det let seg gjere å leggje aspirantopplæringa rett etter skuletid.
Om undervisninga
Vi bruker boka, «Midt i blinken 1». Dei som blir ferdige med bok 1, får starte på bok 2 i samme serie. Det blir mest undervist i kornett, althorn og bariton, men det har også vore undervist litt i tuba og trombone.
Vi samler alle aspirantane til felles konsert med korpsa fleire gonger i året, der aspirantane bla bruker notar frå "Debut-serien".
Aspirantane går 2 år før dei går inn i korpset. Nokon korps kjøper eit 3. år for at aspirantane skal få oppfølging etter å ha starta i korpset. Ikkje alle aspiranter er klare etter to år. Då blir dei anbefalt å ta eit tredje år.
Øvingsrutiner
- Det er nødvendig at eleven øver regelmessig.
- God sittestilling i passande høgde til instrumentet.
- Uforstyrra område der han kan konsentrere seg.