Elevinnslag

Kulturskulen får ein del førespurnader frå lag, organisasjonar og foreiningar om elevar kan opptre med kunstneriske innslag på ulike arrangement.

Elevane våre kan bidra med kortare innslag på 10-15 minutt ved opning av ulike arrangement. 

Førespurnaden bør kome minst 3 veker før arrangementet skal avviklast. Vi treng å vite kvar det er, lengde, type innslag og om det er tilgjengeleg piano.

Kontakt

Kinn kulturskule
E-post
Telefon 57 75 62 40