Informasjon og rutine

Info til deg som søker

Alle søkarar vert automatisk registrert på venteliste i kulturskulen sitt administrasjonsprogram. Du får automatisk melding når vi har motteke søknaden din. 

Dei som får plass, får melding om oppmøtedato, stad, klokkeslett, lærar og aktivitet. Ved hovudopptaket til nytt skuleår, får søkaren melding like før skulestart.  Dei som står på venteliste vil få tilbod så snart det vert ledige plassar.

Timeplan

Undervisninga følgjer skuleruta og går føre seg på ettermiddag og kveldstid. Kulturskulen har rutinar med å skaffe timeplanar frå alle dei større skulane i kommunen. Vi prøver dermed å legge undervisninga for kvar enkelt elev så tett opp til skuleslutt som mogeleg.

Opptakskriterium

Etter målsettinga til kulturskulen skal tilbodet vere for alle. Avgrensing i økonomi og ressursar gjer likevel at ein ikkje rekk å gje tilbodet til alle som ønskjer det. Kulturskulen må difor ha ein del kriteriar for opptak av nye elevar. Vi må difor mellom anna ta omsyn til følgande:

  • Aktivitetsval/instrumentval (Det er naudsynt å ha ei viss breidde i aktivitetane. Ynskje om aktivitet må også samsvare med det vi er fagleg i stand å tilby).
  • Alder (Alder må stemme med instrument, aktivitet og gruppe. Vi prioriterar barn og unge først).
  • Prioritere dei som ikkje går på andre aktivitetar frå før.
  • Søknadsdato (Søknadsdato vert brukt som siste kriterium).

Påmelding og utmelding

Påmelding er uansett bindande for eit kvartal når undervisninga er starta. Ein må likevel gje skriftleg beskjed snarast til kulturskulen sin administrasjon, om ein ynskjer å slutte, eller søkje om permisjon midt i eit kvartal.

Ønskjer eleven å trekke seg frå påmelding før skuleåret startar må ein gje skriftleg melding innan skulestart. Vert ikkje fristane haldne, må ein vurdere kvartal som oppstarta, og ein må betale full kvartalsavgift.

Kulturskulen fakturerer 2 gonger per semester (kvart kvartal). Elevavgifta er bindande for eit halvt semester/1 kvartal, og vert sendt ut i frå kommunen si økonomiavdeling.

Elevinstruks

  • Elevane pliktar å møte presis og førebudd til undervisningstimane. Ved sjukdom eller annan tvingande grunn til fråvær skal ein, før timen, gje beskjed til lærar, eller kulturskulen sin administrasjon. Elevane kan ikkje få forsømte timar tilbake.
  • Elevavgifta vert redusert/avrekna når kulturskulen er ansvarleg for at eleven har mista meir enn 3 undervisningstimar som følgje av mangel på vikarar.
  • Dette gjeld ikkje helligdagar og andre fridagar.
  • Dersom skulen sitt utstyr og sine instrument vert påført skade, skal dette rapporterast straks til skulen sitt kontor. Skuldast skaden uvøren handsaming, må elevane sjølve betale reparasjonen.
  • Ved gjenteke fråvær utan melding, ved manglande interesse for skulearbeidet, eller av disiplinære grunnar kan kulturskulen utelukke elevar frå undervisninga.

Instrumentleige

Kulturskulen har diverse instrument til utleige, t.d. fiolin, celloar, trekkspel, saksofon, klarinett og tverrfløyte. Ved utleige av instrument vert det inngått skriftleg avtale. Leigetakar er erstatningsansvarleg ved skade på instrument.

Utanom dette er det vanleg at elevane nyttar eigne instrument. Kulturskulen kan gje råd ved kjøp av instrument. Det har til no vore praksis å skaffe billege instrument ved å samkøyre bestillingar (t.d. fiolinar).

Fakturering

Kulturskulen fakturerer 2 gonger per semester (kvart kvartal). Elevavgifta er bindande for eit halvt semester/1 kvartal, og vert sendt ut i frå kommunen si økonomiavdeling.

Prisliste for våre tenester finn du i Kinn kommune sitt gebyrregulativ.