Definisjonsliste

Ord og nemningar brukt i byggesaker:

Definisjonsliste - byggesak
Ord og nemningarBetydning
Ansvarleg søkjarEit profesjonelt føretak som har ansvaret for prosjektet det søkjast om, og er representant for tiltakshavar overfor kommunen.
ArealplanEin plan som gjev retningsliner for kva ein kan utføre eller byggje innanfor eit område. Kommuneplanen sin arealdel gjev overordna føringar for heile kommunen, medan kommunedelplanar og reguleringsplanar er meir detaljerte for enkeltområder. Sjekk kva som gjeld for din eigedom.
AvstandserklæringEi erklæring der nabo frivillig samtykkjer til at du kan byggje nærare nabogrensa enn det reglane tilseier.
Bruksareal (BRA)Alle målbare plan inne i ei bygning, i tillegg til opne areal med overbygg utanfor bygningen (for eksempel ein carport).
BruksendringNår ein ønskjer å endre den godkjente bruken av ein bygning eller enkelte rom, for eksempel frå bustad til forretning eller frå bod til soverom.
BueiningEin avskilt del av eit bygg som fungerer som ein sjølvstendig bustad. Bueininga har eigen inngang (ikkje nødvendigvis ytterdør), og er fysisk avskilt frå andre bueiningar i same bygg.
Bygd areal (BYA)Summen av det arealet som byggverk opptar på ein eigedom - også forklart som det totale fotavtrykket til alle byggetiltak på tomta.
DispensasjonEin søknad om fritak frå ein regel med heimel i lov eller forskrift, i enkelte tilfelle der dette er forsvarleg å innvilge.
FrådelingNår ein skil frå eit bestemt areal frå ein eigedom. Det frådelte arealet vert då ei eiga matrikkeleining med eige gards- og bruksnummer.
FøresegnerAlle arealplanar har tilhøyrande føresegner. Dette er eit juridisk bindande dokument med alle bestemmingar som gjeld for området arealplanen omfattar.
GrensejusteringEi mindre endring av grensene mellom eigedomar, der eit areal vert overført til naboeigedomen.
MatrikkelNorge sitt offisielle eigedomsregister med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustadar og adresser.
MatrikkeleiningGrunneigedom/fast eigedom som er tildelt eige gards- og bruksnummer.
Nabo og gjenbuarNabo er alle eigedomar rundt med felles grense, og gjenbuar er alle eigedomar direkte over vegen. Gjenbuarar har ikkje felles grense og brukast også om dei bygg som har direkte innsyn.
OppmålingProsedyre for å fastsette nye eigedomsgrenser eller avklare usikre grenser som vert utført av ein landmålar - vert også referert til som oppmålingsforretning.
PlankravOverordna arealplanar, slik som kommuneplanen sin arealdel eller ein kommunedelplan, kan fastsetje at der må utarbeidast ein reguleringsplan for eit aktuelt område før ein kan gå i gang med tiltak.
ReguleringDersom ein eigedom er regulert, så vil det sei at der er ein reguleringsplan som gjeld. Denne vil gje meir detaljerte føresegner for kva ein kan gjere innanfor gjeldande område.
SEFRAK-byggSekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne i Noreg. Bygg i dette registeret er i utgangspunktet ikkje underlagt spesielle restriksjonar, men det fungerer som ein peikepinn for kommunen om å vurdere verneverdien før ein godkjenner byggetiltak.
SeksjoneringEin søknad om å dele ein bygning i fleire einskilde einingar og derav i separate eigarandelar.
SjølvbyggjarTiltakshavar kan søkje som sjølvbyggjar for tiltak som eigentleg krev ansvarleg føretak - dette er gebyrlagt og krev at ein dokumenterer tilfredsstillande kompetanse.
TiltaksanalyseEi skriftleg analyse kommunen hentar ut for ein eigedom, som gjev oversikt over alle relevante faktorar ved søknad om tiltak etter plan- og bygningslova, for eksempel naturfare, biologiske artar, grunnforhold o.l.
TiltakshavarDen som vil utføre eller oppføre eit tiltak, ofte eigar av eigedomen det søkjast om tiltak for.
UtnyttingsgradDen maksimale grensa for kor stor del av eigedomen ein kan byggje på. Utnyttingsgraden vert oftast sett i prosent og det er gjeldande arealplan som fortel kva reknemåte som skal nyttast.

Kontakt

Byggesaksavdelinga
Telefon 57 75 60 00

Ønskjer du time hos ein sakshandsamar? 

Bestill time her

Har du spørsmål til byggesaksavdelinga?
Send oss dine spørsmål her