Barn kan ikkje tilvisast til PP-tenesta utan føresette sitt samtykke. Føresette og unge over 15 år som ønskjer tilvising til PPT, må ta kontakt med barnehage eller skule. For barn utan barnehageplass må føresette ta direkte kontakt med PP-tenesta.
PP-tenesta sine tenester er frivillig og gratis. Tilsette i PPT har teieplikt.
Kva gjer PP-tenesta?
- Hjelper barnehagar og skular med å legge opplæringa betre til rette for å fremme inkludering, utvikling og læringsutbytte for barn og elevar
- Bidreg til førebygging og tidleg innsats ved å samarbeide med barnehagar og skular. Ved behov kan pp-tenesta bidra med utgreiing og kartlegging.
- Utarbeider sakkunnig vurdering der barnehagelova og opplæringslova krev det. Den sakkunnige vurderinga er grunnlaget for kommunens vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehage og individuell tilrettelagt opplæring (ITO) i skule.
- Utarbeider sakkunnig vurdering når det gjeld fritak for opplæringsplikta og ved framskoten eller utsett skulestart
- Bidreg til kompetanse- og organisasjonsutvikling i kommunen
Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Kva gjer PP-tenesta (PPT).
Fagområde pp-tenesta jobbar med
- Språk og tale
- Konsentrasjon og merksemd
- Sosiale og emosjonelle vanskar
- Åtferd og regulering
- Syn og høyrsel
- Generelle lærevanskar eller fagvanskar
- Lesing og skriving
- Matematikk
- Bekymringsfult skulefråvær
Slik søker du om hjelp i barnehagealder
Meld frå til barnehagen. Barnehagen føl interne prosedyrar for samarbeid med PP-tenesta. Ved behov fyller barnehage ut tilvising i samarbeid med føresette. Barnehagen sender tilvisinga til PP-tenesta for oppfølging på individuelt nivå eller sakkunnig vurdering.
Ved tilvising for sakkunnig vurdering, skal PP-tenesta vurdere om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje. Dersom barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, inneheld vurderinga ei anbefaling av tiltak og omfang av hjelpa.
Kommunen nyttar vurderinga frå PP-tenesta som eit utgangspunkt for vedtak om spesialpedagogisk hjelp.
Dersom barnet ikkje går i barnehage må føresette kontakte kommunalsjef for oppvekst og undervisning for å be om ei vurdering for spesialpedagogisk hjelp. I desse sakene er det kommunalsjef som tilviser til PP-tenesta.
Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.
Framskunda og utsett skulestart
Dersom føresette ønskjer framskunda eller utsett skulestart, må føresette kontakte kommunalsjef for oppvekst og undervisning. PP-tenesta gjev sakkunnig uttale om utsett og framskunda skulestart etter førespurnad frå kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Slik søker du om hjelp i skulealder
Meld frå til skulen. Skulen føl interne prosedyrar for samarbeid med PP-tenesta.
Skulen skal gjere sine undersøkingar og prøve ut tiltak. Dersom eleven framleis har vanskar, kan skulen og føresette tilvise PP-tenesta for individuell oppfølging eller for sakkunnig vurdering.
Når føresette ber om ei sakkunnig vurdering, skal skulen tilvise PP-tenesta etter eigne rutinar.
Eleven kan ikkje tilvisast til PP-tenesta utan føresette sitt samtykke. Unge over 15 år kan sjølv ta kontakt med skulen dersom dei ønsker tilvising.
PP-tenesta skal syte for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der opplæringslova krev det; dette gjeld særleg tilråding om rett til individuell tilrettelegging og kva for opplæring som gjev eleven eit forsvarleg opplæringstilbod.
Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Individuelt tilrettelagt opplæring.
Slik søker du om logoped
PP-tenesta har logopedar. Logopeden kan rettleie i høve språklydsvanskar, taleflytvanskar, munnmotorikk og stemmevanskar. For barnehagebarn kan logoped rettleie, følge opp og samarbeide med barnehage og foreldre i korleis ein kan arbeide i små økter kvar dag. For skulebarn kan logoped jobbe direkte med barnet utanfor skuletida på PPT sine kontor.
Dersom barnet går i barnehage kontakter du den aktuelle barnehagen før eventuell tilvising til logoped. Barnehagen kontaktar PP-tenesta for vurdering av ei eventuell tilvising.
Føresette og barn over 15 år kan tilmelde logoped direkte. Ta gjerne kontakt med PP-tenesta i forkant av tilvising slik at vi kan vurdere at PP-tenesta er rette instans for di problemstilling. Ved tilvising må du printe ut og fylle ut skjemaet:
Skjema: Tilvising til PPT - Logoped (ODT, 35 kB)
Individuelt tilrettelagt opplæring for vaksne
Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan også ha rett til individuell tilrettelegging.
Dersom den vaksne ber kommunen om ei sakkunnig vurdering, skal kommunen tilvise PP-tenesta for vurdering for individuell tilrettelagt opplæring. Det er kommunen som gjer vedtak om individuell tilrettelegging.
Kven kan be om individuelt tilrettelagt opplæring?
- Vaksne med nedsett høyrsel/døvheit som treng opplæring.
- Vaksne synshemma som treng opplæring.
- Vaksne med språk-, stemme- eller talevanskar som treng opplæring.
- Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
- Vaksne som har særlege behov for hjelp til å vedlikehalde eller utvikle grunnleggjande ferdigheiter (lesing, skriving, rekning, munnlege- og digitale ferdigheiter, samt dagleglivets ferdigheiter).
- Vaksne som treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade.
Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar.