Kognitiv Åtferdsterapi
Gjennom kognitiv åtferdsterapi får ein kunnskap om korleis tankar, følelsar, åtferd og kroppsreaksjonar heng saman. Ein lærer ferdigheiter og strategiar på korleis takle frykt, stress, og bekymringar betre. Dette er eit tilbod til både eldre barn/ungdom og foreldre, enten individuelt eller i gruppe.
COS-P foreldrekurs
DVD-basert kursrekke på 8 møter med opplæring i bruk av Trygghetssirkelen. Tilbodet kan ein få både i gruppe eller individuelt.
TIBIR-foreldrerådgjeving
Korttidskurs (3-6 møter) til foreldre for barn i alderen 3-12 år som viser teikn til byrjande samarbeidsvanskar, og/eller foreldra opplev oppfølging av barnet som krevjande.
PMTO foreldrekurs
Eit terapeutisk tilbod til foreldre til barn i alderen 3-12 år, der samhandlingsmønsteret mellom foreldre og barn bær preg av gjensidig negativitet som har vart minimum eit halvt år.
Gruppetilbod til ungdomsforeldre 13-16 år
Sosial ferdighetstrening (TIBIR)
Kurset er eit supplement til andre TIBIR-kurs, og varer i 8-10 veker. Ferdighetstrenar jobbar direkte med barnet, med mål om å styrke barnets sosiale kompetanse og til å unngå å kome i konfliktar.
TIBIR/PMTO – konsultasjon til tilsette i barnehage og skule
Kurset er eit supplement til TIBIR/PMTO til føresette. Kurset består av 6-8 møter der dei tilsette får rettleiing i bruk av nyttige verktøy som kan redusere samarbeidsutfordringar både på individ og/eller gruppenivå.
Marte Meo
Eit foreldrerettleiingsprogram som bygger på ei løysingsfokusert tilnærming. Video brukast som hjelpemiddel.
Støttesamtale for barn, unge, foreldre og søsken