Familiehjelpa i Kinn

Familiehjelpa er eit tverrfagleg samansett team som skal gje hjelp og støtte til barn, unge og familiar. Teamet har med seg personar frå tenestene oppvekst, helsestasjon, barnevern, rus og psykiatri. 

Illustrasjon av ein familie på fire (mor og far held dotter i handa i mellom seg, far har sønn på skuldrane) - Klikk for stort bilete

Alle i teamet har teieplikt og teamet har to hovudretningar:  

  1. Kartlegg, behandlar og følgjer opp lette til moderate psykiske vanskar hos barn og unge
  2. Bidrar med støtte og rettleiing til familiar som på ulike måtar opplev utfordringar i høve foreldrerolla.  

 Tilbodet er

  • Gratis
  • Lågterskel (lett tilgjengeleg)
  • Treng ikkje tilvising
  • Alle kan ta direkte kontakt via kontaktskjema eller telefon 

Kontakt

Gry Ommedal
Leiar familiehjelpa
E-post
Telefon 46 84 95 57

Familiehjelpa i Kinn kommune
Postboks 294, 6701 Måløy