eDialog - gi oss ei tilbakemeldingDu kan no sende elektronisk post til kommunen på ein sikker måte.Ved å bruke eDialog kan du trygt sende oss alle typar brev - også om brevet inneheld sensitive og teiepliktige opplysingar.Korleis bruke eDialog?Klikk her for å bruke eDialogLogg inn med ID-portenDu kan no skrive og laste opp vedlegg i skjemaet. Du kan også svare på post frå kommunen på denne måtenSlik brukar du skjemaetFyll ut obligatoriske felt (merka med raud *)Vel om du er privatperson eller verksemdSkriv i «Tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brevI «Kommentar» fyller du ut svaret dittDu kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støttaKlikk på «Send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Kinn kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-postNår kan du bruke vanleg e-post?Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysingar.Gå til eDialogTilgjengelegheitserklæringTilgjengelegheitserklæring for eDialog Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 14.11.2025 09.17 Sist endra 14.11.2025 09.18