Kinn kommune

Kartutsnitt som viser heile kommunen der kommuneplanen sin arealdel gjeld for

Kommuneplanen sin arealdel er på 2. gongs høyring - gi innspel

Hovudtrekka i arealplanen er ei vurdering av kva areal kommunen meiner bør leggast til rette for ulike typar utbygging, og kva areal der det ikkje bør byggast ut. Les meir om høyringa og kommuneplanen sin arealdel ved å trykke på “Les meir om høyringa” nedanfor.

Meir om informasjonsmøte og ope plankontor finn du her

Aktuelt frå kommunen

  • 21.11.2025

    Torsdag er det møte i formannskapet

    Torsdag 27. november møtast formannskapet i Måløy rådhus for sitt siste møte for året. I møtet skal dei mellom anna kome med sitt framlegg til budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2026-2029. Formannskapet sitt framlegg leggast på høyring før kommunestyret 16. desember.
  • 21.11.2025

    Folketalet i Kinn har gått ned i 2025

    Ved inngangen til året 2025 var vi 17 419 innbyggarar i kommunen. No når vi nærmar oss slutten av året har vi gått ned til 17 357 innbyggarar. Dette er ein nedgang på 62 personar hittil i år.
  • 21.11.2025

    Rakel Gangsøy er tilsett som nestleiar i helse og velferd

    Etter ein grundig tilsettingsprosess med godt kvalifiserte søkarar, er vi glade for at Rakel Gangsøy har takka ja til stillinga som nestleiar for helse og velferd.