Etisk standard for medarbeidarar og andre som gjer eit arbeid for kommunen

Etisk standard for medarbeidarar og andre som gjer eit arbeid for kommunen

Våre haldningar og handlingar påverkar innbyggjarane sin tillit til kommunen, og vi har alle eit personleg ansvar for korleis vi opptrer. Ein open kultur for å samtale om etiske spørsmål er naudsynt for å utvikle eit godt etisk og fagleg skjøn. Som tilsett i Kinn kommune skal vi opptre slik:

Profesjonalitet

  • Opptre rederleg og syne respekt for alle menneske.
  • Bruke fagkunnskap og skjøn i arbeidet vårt, og handsame alle likeverdig.
  • Sørge for at fortrulege opplysningar ikkje kjem i feil hender, og sjølv ikkje misbruke tilgang på informasjon.
  • Være lojal i oppfølging av administrative og politiske avgjerdsler.
  • Følge norsk lov, interne reglar og god forvaltingsskikk.
  • Være medveten at haldningane og handlingane våre påverkar kommunen sitt omdøme.

Openheit og dialog

  • Lytte til innbyggjarane sine innspel gjennom dialog, brukarmedverknad og høyringar.
  • Sikre offentlegheita sitt krav på innsyn og opptre profesjonelt i kontakt med media.
  • Være medveten på kva rolle du har i kommunen når du deltek i samfunnsdebatten som privatperson.

Interessekonfliktar

  • Informer om private forhold og interesser som kan påverke avgjersler og oppgåver som du gjer for kommunen.
  • Sørg for at eigen habilitet vert vurdert før du handsamar saker eller treff avgjerd.

Gåver og representasjon

  • Ta ikkje imot arv eller personlege føremuner i arbeidet ditt. Gåver av ubetydeleg verdi kan vi ta imot dersom det er avklart med leiar.
  • Avklar med leiar kva arrangement du kan delta på i jobbsamanheng.

Pengar og eigedelar

  • Vi arbeider for fellesskapet sitt beste og sørgjer for at kommunen sine økonomiske verdiar vert forsvarleg forvalta.
  • Vi tek omsyn til miljøet og bidreg til reduksjon av energibruk og klimautslepp.
  • Vi tek ansvar i forvalting av brukarane sine pengar og eigedelar.

Innkjøp

  • Følg regelverket om offentlege innkjøp og opptre profesjonelt som bindeledd mellom kommunen og leverandørar.
  • kjøp varer og tenester via kommunen sine rammeavtalar og kontraktar.
  • Ta ikkje imot særføremuner ved private kjøp av varer og tenester frå kommunen sine leverandørar.

Arbeidsmiljø

  • Ta ansvar for å fremje eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Vær med å skape helsefremjande arbeidsplassar ved å bidra til arbeidsglede og jobbengasjement.
  • Ta aktivt avstand frå diskriminering, mobbing og trakassering.

Varsling

  • Du har rett og plikt til å varsle om kritikkverdige forhold.
  • Du har mot til å varsle. Leiinga skal ta vare på den som varslar og har ansvar for at kritikkverdige forhold vert retta opp. Den som varslar skal ikkje bli utsett for gjengjelding.