Kinn Kommune

Pensjonskurs for deg som jobbar i Kinn kommune!

Pensjonskurs for deg som jobbar i Kinn kommune!

Velkommen til pensjonskurs i Kinn kommune!

Tid og stad

To likelydande kurs vil verte halde på:

  • Florø kulturhus, onsdag 14. oktober, kl. 17.00 til 18.30
  • Formannskapssalen i Måløy, torsdag 15. oktober, kl. 17.00 18.30.

Begge kursa blir kringkasta på Kinn sin kommuneTV, for dei som ønsker å følge kurset utan å vere fysisk tilstade.

Sjå direktesending/opptak av kurset

Du kan følgje med på sendinga i lenka under. Der vil du også finne opptak av kurset i etterkant av sendinga.

Tematikk for pensjonskurset

  • Pensjonsrettar som medlem i KLP
  • Folketrygda/Pensjonsreform
  • Når kan eg ta ut pensjon og kor mykje får eg i pensjon?
  • Kva kan eg tene ved sida av min pensjon?

Målgruppe og påmelding til samtale med KLP

Kurset vil ha fokus på den «gamle tenestepensjonsordninga », det vil seie at primærmålgruppe er dei som er født før 1963 som fullt ut vil få sin pensjon etter den «gamle ordninga». 

Målgruppa er 60 år og 60+. Dei som er medlem av Statens pensjonskasse treng ikkje delta.

Det vil også verte høve til individuell pensjonsrådgjeving/samtale med KLP i etterkant av kursdagane kring eigen framtidig pensjon. Dette tilbodet vil gjelde for dei som er eldre enn 60 år, og medlemmar av KLP. Påmelding for ein til ein samtale med KLP skjer via Kinn kommune sitt sentralbord tlf. 57 75 60 00.

Samtalane vert avhalde digitalt etter påmelding på følgjande datoar: 19., 21., og 28. oktober.

Vel møtt!