Arbeidstilbodet LARA er unikt i Kinn kommune, og er retta mot personar som er rusmiddelavhengige og i behandling, såkalt Lar-behandling (legemiddelassistert rehabilitering).
LARA betyr lavterskeltilbod om arbeidsretta aktivitet. Arbeidstilbodet skal ikkje erstatte andre eksisterande arbeidstiltak for utsette grupper, men vil vere eit særtilbod for denne gruppa; ein utprøvingsarena for å utvikle og bruke kunnskap og ferdigheter, oppleve fellesskap og redusere bruken av rusmidler m.a.
LARA si Facebookside
Publisert 10.03.2022 14.10
Sist endra 10.03.2022 14.15