Kinn Kommune

Varsel om oppstart av planarbeid - privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352/7 m. fl. næring

Varsel om oppstart av planarbeid - privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352/7 m. fl. næring

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for eigedomen gnr./bnr. 352/7 m. fl. i Kinn kommune. Nordvestvinduet Eiendom AS er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.

Lokalisering
Planområdet ligg ved Almenningen i Kinn kommune, inntil Rv15.

Mål med planarbeidet
Leggje til rette for:
• Utvidingsareal for eksisterande bedrift med utfylling i sjø
• Trygg avkøyrsle til Rv15 og sikre frisikt

Planområdet
Planområdet består av eigedomane gbnr. 352/7 og del av 352/3 og 27, og er på om lag 40 daa. I sjø er det teke med areal utover det som skal nyttast til utfylling og fyllingsfot. Avgrensinga av planområdet kan bli endra før planen blir lagt ut til offentleg ettersyn; reduksjon av areal i sjø.

Informasjon og medverknad
Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post plan@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje små negative ulemper for naboar. Det blir difor ikkje lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid. Naboar vil bli halde orientert om utvikling av området. Det blir teke kontakt med Statens vegvesen i høyringstida for avklaring av tilhøve knytt til Rv15.

Merknadar til oppstartsmeldinga
Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:
OSE AS på e-post: plan@oseing.no eller OSE AS Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta.


Frist for merknadar vert sett til 03.12.2021. Merk fråsegn med P1787.
Alle mottekne dokument og merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget.

Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352/7 m. fl. næring – varsel om oppstart av planarbeid
Tittel Publisert Type
Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m.fl, næring - varsel oppstart av planarbeid_2021.11.01

03.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m.fl, næring - varsel oppstart av planarbeid_2021.11.01.pdf
Oversiktkart

03.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Oversiktkart.pdf
Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m. fl, næring - plangrense_gråtone_2021.11.01

03.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m. fl, næring - plangrense_gråtone_2021.11.01.pdf
Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m. fl, næring - plangrense_flyfoto_2021.11.01

03.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m. fl, næring - plangrense_flyfoto_2021.11.01.pdf
Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Almenningen, gbnr. 3527 m.fl, næring. Planid 20210113

03.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Almenningen, gbnr. 3527 m.fl, næring. Planid 20210113.pdf
Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m. fl. næring - planinitiativ - Kinn kommune_2021.10.29

03.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Privat detaljregulering for Almenningen, gbnr. 352_7 m. fl. næring - planinitiativ - Kinn kommune_2021.10.29.pdf