Kinn Kommune

Offentleg ettersyn: Privat detaljregulering for Gartnerihagen

Offentleg ettersyn: Privat detaljregulering for Gartnerihagen

Plan-, miljø- og næringsutvalet har i saknr 075/21 godkjent at framlegg til Privat detaljregulering for Gartnerihagen, GBnr.28/48 m.fl, bustad, planID 20200105, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2, § 12-10 og § 12-11.

Planforslag er utarbeidd i 2 alternativ.

Formål med planarbeidet

Hovudformålet med plan er å tilrettelegge for bustadar innanfor gbnr. 28/48, samt vurdering av tilkomstløysing for desse. Eigedomen er i dag i hovudsak nytta til gartneriverksemd. Eiger av gartneriet ønskjer å avvikle drifta.

Planstatus

I gjeldande Kommunedelplan (KDP) for Florelandet Brandsøy frå 20.06.2007, er eigedomen gbnr. 28/48 sett av til noverande næring, gartneri.

I forslag til ny KDP som har vore utlagt på høyring er eigedomen foreslått utlagt til bustadområde for lavblokker, med føresegn om mellom anna krav til detaljregulering saman med ny tilkomst, og utnyttinggrad på BYA 50%.

Gjeldande reguleringsplan for området er frå 07.09.1999. Hovudeigedomen i planområdet er i denne vist som gartneri. Elles omfattar den eldre planen offentleg køyreveg (Prof. Gjelsvikveg), bustad og friområde, samt barnehage. Ny plan vil innebere endring for del av den eldre reguleringsplanen.

Forslag i 2 alternativ:

Planforslag er utarbeidd med to alternativ til tilkomstløysing. I begge forslaga er det lagt inn stenging av Prof. Gjelsvikveg mot vest, for å hindre gjennomkøyring. Plan vert lagt på offentleg høyring med begge alternativ til tilkomstløysing, for å best mogeleg kunne belyse mogelege løysingar, før ein tek endeleg avgjerd ved vedtak av plan.

Planalternativ 1: Her er køyretilkomst til bustadfeltet foreslått frå Professor Gjelsvikveg, samt at det er regulert inn gang- og sykkelveg frå Prof. Gjelsvikveg og sør til Vangsvegen over kommunal og privat grunn. Gang-/sykkelvegen skal vere tilkomstveg til eksisterande bustader på gbnr. 28/70 og 73, samt ny bustad i felt BKS, og skal vere stengt med bom for å hindre gjennomkøyring. I tilknyting til gang-/sykkelvegen er det regulert eit mindre uteopphaldsareal o_BAU.

Planalternativ 2: Her er køyretilkomst til bustadfeltet foreslått frå sør via ny veg frå Vangsvegen og nord til Prof. Gjelsvikveg, over gbnr. 28/136 (kommunal grunn) og gbnr. 28/68 og 73 (privat grunn). Vegen er foreslått som A1 veg etter vegnormalen (N100 2014) som er same standard som regulert Prof. Gjelsvikveg.

Konsekvensutgreiing

Planforslaget er vurdert i samsvar med plan- og bygningslova kapittel VII «Konsekvensutredninger», med tilhøyrande forskrift. Tiltaket er vurdert å ikkje falle inn under oppfangskriteria i forskrifta og skal derfor ikkje konsekvensutgreiast. Tiltaket er konsekvensutgreidd i samband med høyringsforslag for ny kommunedelplan Florelandet-Brandsøy, og denne er tatt inn i planomtalen saman med vurdering av verknad av plan, jfr. kap. 7 i planomtalen.

Offentleg høyring – dokument, høyringsfrist og adresse for innspel:

Planframlegga er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 15.12.2021 – 02.02.2022.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, via epost til post@kinn.kommune.no, eller via eDialog innan 02.02.2022.

Planframlegget med relevante dokument kan sjåast ved å klikke på vedlegga under.

Sakshandsamar: Janicke Svendal, tlf. 57 75 60 00.

Plandokument

Gartnerihagen 15.12.21 - 02.02.22
Tittel Publisert Type
Vedlegg 3 Geovest_Haugland_Geoteknisk undersøking_2014(287164) (DokID 1515884)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 3 Geovest_Haugland_Geoteknisk undersøking_2014(287164) (DokID 1515884).pdf
Vedlegg 1 Consto as_Plankonsept_2020(286929) (DokID 1515882)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 1 Consto as_Plankonsept_2020(286929) (DokID 1515882).pdf
Vedlegg 5 Sweco_Trafikkanalyse_utvidet_Rev01_02.12 (DokID 1515886)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 5 Sweco_Trafikkanalyse_utvidet_Rev01_02.12 (DokID 1515886).pdf
_Plansak for offentlig ettersyn - Privat detaljregulering for Gartnerihagen, gbnr. 2848 m.fl., Bustad, 2021 (DokID 1515877)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned _Plansak for offentlig ettersyn - Privat detaljregulering for Gartnerihagen, gbnr. 2848 m.fl., Bustad, 2021 (DokID 1515877).pdf
Gartnerihagen_Planomtale_Rev_2021.12 (DokID 1515881)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Gartnerihagen_Planomtale_Rev_2021.12 (DokID 1515881).pdf
Gartnerihagen_Plankart_Alt1_Rev_2021.12 (DokID 1515879)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Gartnerihagen_Plankart_Alt1_Rev_2021.12 (DokID 1515879).pdf
Gartnerihagen_Plankart_Alt2_Rev_2021.12 (DokID 1515880)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Gartnerihagen_Plankart_Alt2_Rev_2021.12 (DokID 1515880).pdf
Gartnerihagen_Føresegner for planalternativ 1 og 2_Rev_2021.09 (DokID 1515878)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Gartnerihagen_Føresegner for planalternativ 1 og 2_Rev_2021.09 (DokID 1515878).pdf
Vedlegg 4 Fylkeskommunen_Kulturminneregistrering_2015(287165) (DokID 1515885)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 4 Fylkeskommunen_Kulturminneregistrering_2015(287165) (DokID 1515885).pdf
Vedlegg 6 Sweco_Hydrologisk vurdering 2019 med nytt vedlegg(317456) (DokID 1515887)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 6 Sweco_Hydrologisk vurdering 2019 med nytt vedlegg(317456) (DokID 1515887).pdf
Vedlegg 2 Consto as_Salt arkitekter as_Solstudie_2021(288452) (DokID 1515883)

14.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 2 Consto as_Salt arkitekter as_Solstudie_2021(288452) (DokID 1515883).pdf