Kinn Kommune

Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan

Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan

Klikk for stort bileteKinn kommunestyre har i møte 28.10.2021, i saknr 132/21, godkjent Detaljregulering for Mortingbåen og Florevika, utdjuping av leia, Planid 20200117. Planen erstattar tidlegare planar for området.

Hovudformålet med plan er å tilrettelegge for å utvikle farleia til Florø hamn slik at den i framtida vil vere ein god og trygg hamn for brukarane. Tiltaka skal sikre at skipsleia har tilstrekkeleg djupn og stort nok manøvreringsareal for nødvendig framtidig skipstrafikk.

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Planen er tilgjengeleg for gjennomsyn på informasjon og service, Florø kulturhus.

Planen kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland innan 3 veker frå kunngjeringsdato. Vedtak er kunngjort i Firdaposten den 10.11.21. Eventuell klage skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland og sendast til Kinn kommune, via eDialog, på e-post til post@kinn.kommune.no eller per post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy innan 01.12.2021.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa.

Vedteke plankart, føresegn, skildring av planen og andre relevante plandokument, samt møtebok frå kommunestyret sin handsaming, kan sjåast ved å klikke på vedlegga under.

Mortingbåen og Florevika vedtatt 28.10.2021
Tittel Publisert Type
Mortinsbåen-Utdjuping leia_Innkomne merknadar høyring

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 06_20200117_Mortinsbåen-Utdjuping leia_Innkomne merknadar høyring (DokID 1505616).pdf
Reguleringsføresegner

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 03_2021-10-04 Reguleringsføresegner_02A (DokID 1505611).pdf
Plankart A

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 04_Plankart A_04102021 (DokID 1505612).pdf
Plankart C

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 04_Plankart C_04102021 (DokID 1505614).pdf
Plankart B

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 04_Plankart B_04102021 (DokID 1505613).pdf
ROS-analyse

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 05_ROS-analyse_2021.04 (DokID 1505615).pdf
Godkjenning av detaljreguleringsplan - Detaljregulering for Mortingbåen og Florevika – utdjuping av leia, planID 20200117 (299042) (DokID 1505609)

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 01_Godkjenning av detaljreguleringsplan - Detaljregulering for Mortingbåen og Florevika – utdjuping av leia, planID 20200117 (299042) (DokID 1505609).pdf
Planbeskriving

08.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 02_2021-10-04 Planbeskriving_06A (DokID 1505610).pdf