Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Innspel til plan for klima, berekraft og naturmangfald

Innspel til plan for klima, berekraft og naturmangfald

Klikk for stort bilete Visit Fjordkysten Vi er i ferd med å utarbeide klima- og naturmangfaldplan som skal gjelde frå 2022 til 2030. Politikarane har signalisert ambisiøse klimamål om at kommunen skal vere ein nullutsleppskommune innan 2030 og vi ynskjer å vite kva du synst er viktig å gjere for å nå dette målet.

Korleis ser du føre deg at det er å bu, jobbe og trivast i Kinn kommune i 2030? Flyr vi i kvar sine droner når vi skal noko, eller går vi? Korleis produserer vi straum? Korleis ser naturen ut; klarar vi å ta vare på naturmangfaldet i skogen, på fjellet og i sjøen? Jobbar vi fire eller ti timar om dagen, og kva jobbar vi med? Kva meiner du er eit perfekt nullutslepps-samfunn og korleis kjem vi dit? 

Får å svare på problemstillinga kan du bruke skjema i lenka nedanfor. Du kan velje om du vil skrive under med namn og alder, eller svare anonymt. Alle som blir sitert, eller som vi brukar bilde frå, blir kontakta av oss.

Gå til skjema

Rammer for arbeidet med arbeidet med planen kan du lese her.