Kinn Kommune

Høyring: Forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune

Høyring: Forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune

Oppvekst- og kulturutvalet vedtok i møte 16.12.2021 i sak 70/21, å leggje framlegg til forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune ut på høyring (jf Forvaltningslova kap. VII). Høyringsfrist er 16. februar 2022.

Med heimel i Opplæringslova § 8-1 vedtek Oppvekst og kulturutvalet i Kinn kommune slikt høyringsutkast som framlegg til kommunal forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune, med verknad frå 01.08.2022:

1. Raudeberg skule sitt opptaksomåde femner om nord-Vågsøy (bygdene Raudeberg, Halsør, Vedvik, Refvik, Kvalheim og Kråkenes), med grense i sør i Barstadvika,
2. Skram skule sitt opptaksområde femner om sør-Vågsøy (bygdene Måløy, Halnes, Holvik, Vågdvåg, Færestrand og Oppedal) med grense i nord i Barstadvika. I tillegg Silda og øyane i sør.
3. Skavøypoll skule sitt opptaksområde femner om fastlandet (bygdene Osmundsvåg-Degnepoll, Kulen, Blålid, Skavøypoll, Sørpoll og Almenning).
4. Florø barneskole sitt opptaksområde får grense mot Kanalen i aust.
5. Krokane skule sitt opptaksområde er avgrensa mot Kanalen i vest, omfattar Krokavegen og området Havikbotn i nord.
6. Torvmyrane skule sitt opptaksområde grensar mot Verpevika i aust.
7. Brandsøy skule sitt opptaksområde grensar mot Verpevika i vest og Grov i aust. I tillegg femnar det om bygdene i Norddalsfjorden, Haukå og Klauvene.
8. Steinhovden skule vert lagt ned, og opptaksområdet vert lagt til Eikfjord barneog ungdomsskule sitt opptaksområde, med verknad frå 01.08.2023.
9. Stavang skule vert lagt ned, og opptaksområdet vert lagt til Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde, med verknad frå 01.08.2023.
10. Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde femner om bygdene til grense Sunnfjord kommune i aust og sør og Grov i vest.

Her finn du saksdokument med framlegg til vedtak.

Høyringa er open for alle, og du kan nytte elektronisk skjema for høyringsuttale:
Send inn din uttale her

Framlegg til kommunal forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune vert sendt på høyring med høyringsfrist 16. februar 2022.