Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Gi innspel til planen for ny bruk av Prestegarden, Florø sjukehus og ny gymsal ved Florø barneskule – detaljreguleringsplan for Hans Blom gate 30-44

Gi innspel til planen for ny bruk av Prestegarden, Florø sjukehus og ny gymsal ved Florø barneskule – detaljreguleringsplan for Hans Blom gate 30-44

Klikk for stort bileteGi innspel til detaljreguleringsplan for Hans Blom gate 30-44 Kinn kommune, Marianne Grytten Planprosessen som skal avgjere kvar ny gymsal til Florø barneskule skal ligge og kva som skal skje med området ved gamle Florø sjukehus og Prestegarden er no i gong! Vi vil vite kva nettopp du meiner som skal skje i dette området! Logg inn på innspelsportalen nedst på sida.

Detaljregulering Hans Blom Gate 30-44

Den nye reguleringsplanen vil legge ein plan for korleis heile planområdet skal disponerast frå Eventyrskogen i aust og heile vegen langs Storevatn forbi Prestegarden til sjukehustomta i vest. Herifrå går avgrensinga av området tilbake langs Hans Blom gate og til Florø barneskule i vest. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av heildøgnsomsorg for eldre i gamle Florø sjukehus, ny gymsal til Florø barneskule, men må også sjåast på som eit byutviklingsprosjekt.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er ein plan over korleis eit område kan brukast og kva som kan byggjast der. I reguleringsplanen blir det mellom anna bestemt kor mykje som kan byggast innanfor planområdet, kor høgt det skal vere, og kvar det skal ligge. Den kan også seie i kva rekkefølge det skal byggast, og om det til dømes er krav om at gangvegar, leikeplassar og liknande må vere på plass før ein kan setje i gang med å bygge. Det kan også stillast krav til arkitektur, kvalitetar, viktige omsyn og vern i ein plan. Ein reguleringsplan må svare til føringar i kommuneplan og må også vedtakast politisk før han er gyldig. For at Kommunestyret skal kunne vedta ein reguleringsplan må forslag til ny reguleringsplan først ha vore på høyring i seks veker.

Utarbeiding av ein reguleringsplan

Når ein utarbeider ein reguleringsplan må ein sjå til føringar i overordna plan, og gjeldande plan for området er Sentrumsplanen (Kommunedelplan for sentrum 2018-2022). Store endringar i reguleringsplan som bryt med Sentrumsplanen må konsekvensutgreiast og planen kan risikere å bli stogga av sektormynde som til dømes Statens vegvesen, NVE, eller av Statsforvaltaren. Å få samla nye idear inn tidleg i prosessen er slik sett viktig. På den måten kan ein gå i dialog med sektormynde og gjere naudsynte avklaringar før ein eventuelt innarbeider noko nytt i planen.

Ein del av diskusjonsgrunnlaget i komande prosess ligg i tidlegare dokument og føringar:

Sjå også:

  • BYST - 127/17 Vidare arbeid med sjukehustomta
  • KOST-012/21 Bruk av sjukehustomta til omsorgsføremål

Innspel til prosessen

Du kan også sende innspel per brev til: Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Besøk oss på Informasjon og service, så hjelper vi deg med å levere innspelet ditt.

Kommunen takkar for at de ynskjer å bidra i prosessen!

Frist for innspel er 1. oktober 2021.

Opphavleg publisert 30.08.2021.