Kinn Kommune

Detaljregulering for Haukå II - del av gbnr. 15/1 - Akvakultur

Detaljregulering for Haukå II - del av gbnr. 15/1 - Akvakultur

Plan-, miljø og næringsutvalet har i saknr 076/21 godkjent at framlegg til Privat detaljregulering for Haukå II, del av gbnr. 15/1, akvakultur, planid 20210105 vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2, § 12-10 og § 12-11.

Formål med planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for utviding og auke av dagens produksjon av fisk for å auke snittvekt på smolt før denne settast ut i sjø, samt legge betre til rette for lasting av brønnbåt og transport på kjøl av fôr til heile anlegget.

Planstatus

Planlagde tiltak er ikkje i samsvar føremål i gjeldande kommuneplan. I gjeldande arealplan er aktuelt område på land i hovudsak sett av som LNFR. Aust for, og i austre del er det sett av areal for noverande akvakultur, A28. Areal i sjø er vist som bruk og vern av sjø nærmast land, og som fiske lenger i frå land. Heile Nordalsfjorden frå Florø og austover er gitt omsynssone bevaring naturmiljø, ut frå at fjordsystemet er viktig gyteområde for torsk.

Kommuneplanen sin arealdel er under rullering, og forslag til utvida akvakulturområde i samsvar med planforslag er spelt inn til kommuneplanarbeidet. Høyringsframlegg for ny arealdel vil kunne vere klart tidlegast våren 2022.

Planforslaget medfører ikkje omdisponering av dyrka areal, då planlagt utbygging i søre planområdet i hovudsak ligg i brattlendt areal (anna markslag) og bebygd areal, og nordre del ligg utanfor fulldyrka jord.

Vurdering av krav om KU

Planforslaget er vurdert i samsvar med plan- og bygningslova kapittel VII «Konsekvensutredninger», med tilhøyrande forskrift. Tiltaket er vurdert etter KU-forskrifta §8, vedlegg II, pkt. 11 j). Tiltaket kan få vesentlege verknader i høve KU-forskrifta §10, og er såleis vurdert å utløyse krav om KU. Det er utarbeidd KU for beslutningsrelevante tema som strandsone, naturmangfald og landskap. Sjå planomtale kap. 9.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 27.10.2021 – 08.12.2021

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no, innan 8. desember 2021.

Sakshandsamar: Janicke Svendal, tlf.  57 75 60 00.

Planframlegget med relevante dokument kan sjåast ved å klikke på vedlegga under.

Detaljregulering for Haukå II - del av gbnr. 15/1 - Akvakultur
Tittel Publisert Type
01_Privat detaljregulering for Haukå II-plankart_2021.10.04 (L)(292794)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 01_Privat detaljregulering for Haukå II-plankart_2021.10.04 (L)(292794).pdf
02_Privat detaljregulering for Haukå II_ føresegner_2021.10.04 (L)(292795)

21.10.2021 Filtype: docx. Klikk for å laste ned 02_Privat detaljregulering for Haukå II_ føresegner_2021.10.04 (L)(292795).docx
03_Privat detaljregulering for Haukå II_Planomtale_2021.10.20_Rev1 (L)(292796)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 03_Privat detaljregulering for Haukå II_Planomtale_2021.10.20_Rev1 (L)(292796).pdf
04_Privat detaljregulering for Haukå II_ROS-analyse_2021.10.20_rev1 (L)(292797)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 04_Privat detaljregulering for Haukå II_ROS-analyse_2021.10.20_rev1 (L)(292797).pdf
05_OSE_merknadsvurdering oppstart_2021.09.09 (L)(292798)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 05_OSE_merknadsvurdering oppstart_2021.09.09 (L)(292798).pdf
06_SGC_Områdestabilitetsvurdering Haukåvika_2021.07.08 (L)(292799)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 06_SGC_Områdestabilitetsvurdering Haukåvika_2021.07.08 (L)(292799).pdf
07_SGC_Datarapport for grunnundersøkelse ved Haukåvika_2021.07.08 (L)(292800)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 07_SGC_Datarapport for grunnundersøkelse ved Haukåvika_2021.07.08 (L)(292800).pdf
08_SGC_Skredfarevurdering for deler av gbnr. 15_1 på Haukå_2021.08.19 (L)(292801)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 08_SGC_Skredfarevurdering for deler av gbnr. 15_1 på Haukå_2021.08.19 (L)(292801).pdf
09_RB_Naturmiljø i sjø til reguleringsplan_2021.09.28 (L)(292802)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 09_RB_Naturmiljø i sjø til reguleringsplan_2021.09.28 (L)(292802).pdf
10_OSE_Notat om kommunal veg og bru_2021.09.09 (L)(292803)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 10_OSE_Notat om kommunal veg og bru_2021.09.09 (L)(292803).pdf
11_OSE_Landskapsanalyse Haukå_2021.09.29 (L)(292804)

21.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 11_OSE_Landskapsanalyse Haukå_2021.09.29 (L)(292804).pdf
Plansak for offentlig ettersyn - privat detaljregulering for Haukå II, del av gbnr. 151. Akvakultur. Planid (291494)

22.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plansak for offentlig ettersyn - privat detaljregulering for Haukå II, del av gbnr. 151. Akvakultur. Planid (291494).pdf