Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Kan du vere frivillig?

Kan du vere frivillig?

Når vi kjem til punktet for massevaksinering av innbyggarane treng vi frivillige til å hjelpe og bidra med organisering. Frå vi tek i mot vaksine til kommunen har vi kort frist, sidan vaksina har kort haldbarheit. 

Oppgåvene blir rundt organisering

Du som er frivillig skal ikkje ha noko med vaksinering å gjere, men å hjelpe til med organisering. Tryggleiken din vil bli godt ivareteke i høve til avstandsreglar og smittevern.

Kor tid treng vi deg?

Tidspunktet for kor tid vi får vaksine til massevaksinering er ikkje stadfesta. Vi reknar med i midten/slutten av februar, eller starten av mars. Du blir kontakta i god tid, og har sjølvsagt moglegheita til å seie nei om det ikkje passer. Vi treng også å vite om du kan jobbe dagtid eller kveldstid, eller kanskje begge delar.

Meld deg som frivillig her!

Kontakt

Siri Laquian Stavang
Frivilligkoordinator, Florø frivilligsentral
E-post
Telefon 458 77 783
Bente Nilsen
Dagleg leiar, Florø frivilligsentral
E-post
Telefon 902 22 692
Siv Anett Kupen
Dagleg leiar, Vågsøy frivilligsentral
E-post
Telefon 907 46 471