Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

10.05.2021 13.28

Vassmålar

Vassmålar

Vassmålar er eigd av kommunen og blir installert etter avtale med kommunen eller kommunen kan krevje installasjon. Abonnenten betaler leige av vassmålar til kommunen. Søknad sendast via Geomatikk.

Søknadsskjema for vassmålar via Geomatikk

Alle nye abonnentar skal installere vassmålar. Eksisterande eigedomar skal installere vassmålar i samband med endring av sanitærinstallasjonar. Dette er i samsvar med Kinn kommune si forskrift om vatn og avløpsgebyr §10-1.

Vassmålar skal installerast av autorisert røyrleggarfirma, røyrleggar monterer og melder inn til kommunen. Installasjonen skal kontrollerast, plomberast og godkjennast av kommunen. Huseigar har ansvar for at vassmålar er lett tilgjengelig for avlesing og er ansvarlig for vedlikehald.

Avlesing av vassmålar

Det kjem SMS i god tid før avlesing om korleis ein registrerar målarstand og frist for avlesing. Abonnentar les av vassmålaren anten på internett eller telefon. Det blir anbefalt å sjekke vassmålar ofte, for å oppdage vasslekkasjar eller andre feil tidleg.

Bestemmelser for bruk av vannmålere (DOC, 39 kB)