Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

10.05.2021 13.28

Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. september

Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. september

I tidsrommet 15. april – 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark utan særskild tillatelse.

Søk om bålbrenning

Viss du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ein generell plikt til å vise aktsemd for å unngå brann. Brot på denne plikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.

Unntak frå forbod

I forsvarleg avstand frå skog og mark kan open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål utan spesiell tillatelse frå brannvesenet når dette openbart ikkje kan føre til brann.

Meir informasjon

Du kan lese meir om kva du bør vite før du tenner bål på sikkerhverdag.no.