Tidlegare kom vi på tilsyn kvart fjerde år. Ny "forskrift om brannførebygging" frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.
Varsel om feiing eller tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding via Varsling 24 (SMS varslingssytem) nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.
Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørge for sikker tilkomst til og på tak. er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørge fora t det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.
Før feiaren kjem må du
- legge fram stige (for dei med takfeiing).
- sikre at stigen ikkje kan skli.
- sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
- sjekke at parafin-/oljebrennar er sløkt og avstengd.
- stenge luker, ventilar og spjeld.
- hugse å seie i frå til leigebuar.
- passe på at ikkje noko anna kan vere til hinder for feiinga.
Dersom det ikkje er klargjort for feiing (om det ikkje er folk tilstades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg. Dersom tidspunktet ikkje passar, gi tilbakemelding snarast mogleg slik at det kan avtalast nytt tidspunkt.
Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørge for at samtlege bueiningar, eldstadar og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).
Tilsyn vil omfatte kontroll av
- eventuelt tidlegare avvik eller merknadar er følgt opp og utbetra.
- ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
- anlegget er tilfredsstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
- at røykvarslarar, handslukkeutstyr og rømningsveg følger regelverket.
- at det er tilfredsstillande adkomst for feiing og uttak av sot.
Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.
Spør om ID-kort dersom du er usikker på om det er feiaren som kjem på døra.
- Leiar brannførebyggande Geir Sagevik, tlf. 901 13 010.
- Brannførebygger Malin Skorpeide, tlf. 415 30 147. (Florø)
- Brannførebygger Aurimas Telsinskas, tlf. 900 57 358. (Måløy)
- Brannførebygger Thomas Kristiansen, tlf. 41530146. (Florø)
Publisert 16.10.2020 11.51
Sist endra 11.05.2023 09.20