Følg med på denne sida for oppdatert informasjon knytt til vaksinasjon i kommunen.
Vi fortsetter med vekentleg vaksinering ved legekontora i Måløy og Florø. Du som manglar dose 1, 2 eller 3 kan bestille deg time ved legekontora. Felles for alle er at nasjonale anbefalingar er 3 veker mellom dose 1 og 2, og 4,5 månadar mellom dose 2 og 3.
Vaksinering i Florø
Det ligg no ute timar for bestilling til vaksinering for deg som enno ikkje har tatt vaksinen, og for deg som skal ha dose 2 eller 3. Bestill deg time her, eller ring oss på førehand.
- Vaksinering hovudsakleg ettermiddagar tysdagar og torsdagar.
Vaksinering i Måløy
Det ligg no ute timar for bestilling til vaksinering for deg som enno ikkje har tatt vaksinen, og for deg som skal ha dose 2 eller 3. Bestill deg time her, eller ring oss på førehand.
- Vaksinering onsdagar frå kl. 15.00 på Måløy legekontor.
Fjerde vaksinedose
Folkehelseinstituttet har opna for at alle over 80 år kan få si 2. oppfriskingdose (4.dose) med koronavaksine.
Personar over 80 år som har tatt tre doser koronavaksine kan få dose 4 som oppfriskningsdose dersom ein ønsker det sjølv, og dersom ein ikkje har hatt korona etter dose 3. Det må ha gått minst 4 månadar frå ein tok dose 3.
Det er også opna for 2. oppfriskingsdose (5. dose) for personar med alvorleg svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller bruk av immundempande medisin.
Publisert avFrida Rogne
Publisert29.12.2020 13.39
Sist endra12.05.2022 15.42