På denne sida finn du oppdatert informasjon knytt til koronatesting i kommunen.
Utlevering av hurtigtestar
Du kan hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy mellom kl. 09.00-15.00 mandag-fredag.
Hurtigtestane blir delt ut i 5-pakningar, og det er maks 3 pakkar per person grunna begrensa kapasitet på hurtigtestar.
Dette er anbefalingane for covid-19 som gjeld no
- Hald deg heime dersom du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke derom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
- Du treng ikkje lenger halde deg heime i 4 døgn.
- Kontakt lege dersom du har behov for helsehjelp.
- Du treng ikkje teste deg med sjølvtest. Om du likevel har fått ein positiv test, gjelder dei same råda om å halde seg heime dersom du føler deg sjuk.
- Du treng ikkje lenger registrere positiv sjølvtest hos kommunen.
- Her finn du eigne anbefalingar for dei med økt risiko for å bli alvorleg sjuke med koronaviruset.
- Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert og treng bekrefting av praktiske årsaker, kan du ta PCR test på legekontoret.
- Dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte, og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane skal ikkje ta PCR test.
Testing i samband med reiser til utlandet
Vi tilbyr ikkje PCR-testing i samband med reiser til utlandet.
Har du behov for testing i samband med reiser, må du gjere dette via private tilbydarar.
Har du tatt PCR test? sjekk ditt prøvesvar på Helsenorge.no.
Publisert avFrida Rogne
Publisert11.11.2020 10.26
Sist endra11.04.2022 13.30