Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Kommunal bustad

Kommunal bustad

Kommunal utleigebustad er for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Å vere vanskelegstilt på bustadmarknaden betyr at du treng hjelp til å skaffe deg ein bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsatt funksjonsevne og helsemessige eller sosiale problem.

Søk kommunal bustad

Kriterier

Har du misligholdte låneforpliktelser, uoppgjort husleige eller krav om tilbakebetaling av bustøtte til kommunen, stillast det krav til at gjelda er betalt tilbake eller at det er inngått ein nedbetalingsavtale. Tidlegare brudd på leigekontrakt som førte til utkastelse, vil medføra karantenetid på inntil eit år.

Kriterie knytt til busituasjon

Du må vere utan eigna bustad. Dette betyr at du eller dykk:

  • bur mellombels hos andre, på hospits, på institusjon eller liknande.
  • bur på tidsbegrensa leigekontrakt utan rett til fornying, og det er mindre enn seks månadar igjen av leigetida.
  • bur i bustad som er klart ueigna på grunn av helse- eller familiesituasjon. Dette gjeld også ved søknad om bytte av kommunal bustad.

Utanlandske statsborgarar må vere innvilga asyl eller opphald på humanitært grunnlag eller gitt varig opphaldsrett.

Inntektsgrenser for å kunne søke

Det er ein øvre inntektsgrense for å søke. Inntektsgrensene er basert på brutto årsinntekt, og blir regulert i takt med endringar i Folketrygda sitt grunnbeløp (G). 

Husstandar med éin person: 3,5 * G
Husstandar med to personer: 4,0 * G
Husstandar med tre personer: 4,5 * G
Husstandar med fire personer: 5,0 * G

Kontakt

Kinn bustadkontor
Telefon 902 54 992