Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Varsel om utviding av planområde

Varsel om utviding av planområde

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart med utvida planområde for Steinvik Fiskefarm, gbnr. 88/6 mfl.- Akvakultur/visningssenter/museum. Viser til tidlegare annonsert planarbeid hausten 2018. Tiltakshavar for planarbeidet er Bru Eigedom AS.

Planområdet er i dag nytta til oppdrett av matfisk og utgjer ein av Steinvik Fiskefarm sine fleire lokalitetar for fiskeoppdrett. I tilknyting til Steinvik Fiskefarm er det også eit visningssenter. Hovudføremål med reguleringsplanarbeidet er å legge til rette for ei vidareutvikling av Steinvik Fiskefarm med ei utviding/nybygg av etablert visningssenter, og etablere uteområde for aktivitetar og ev. gjenreising av gamle bygg i tilknytning til visningssenteret, samt tilrettelegging for museum, parkering m.m.

Utviding av planområde og foreløpig skisse til plankart

Under utarbeiding av planforslag har det vore utført ei skredfarevurdering i området. Det er i skredfarevurderinga vist til eit område nord for tidlegare varsla planområde, som bør bevarast som vernskog (skog som har ein vernande effekt med omsyn til skredfare). På grunnlag av dette vil det vere behov for utviding av planområdet mot nord for å inkludere vernskogarealet i planområdet. Dette er vist med omsynssone H550 (omsyn landskap) i vedlagt foreløpig skisse til plankart. På grunnlag av denne utvidinga har ein også inkludert tilgrensande/mellomliggande vegareal for å få eit samanhengande planområde.

Det var i første omgang ønska å legge til rette for museum og parkering på både nordside og sørside av veg. Ein har i planprosessen vert i kontakt med statens vegvesen i forhold til løysingar for veg/avkøyrsler/parkering i forhold til dette. Ut i frå deira tilbakemeldingar er det no ønskeleg å samle all aktivitet og parkering på sørside av vegen, for å i størst mogleg grad unngå at mjuke trafikantar skal måtte krysse fylkesvegen.

For å tilrettelegge for dette, viser det seg naudsynt å også utvide planområdet på sørside av vegen mot aust, slik at ein får ei tilfredsstillande løysing for avkøyrsel til parkeringsareal. Behov for utviding av areal mot aust er vist i vedlagt skisse til plankart.

Ved å tilrettelegge for parkeringsplass for visningssenter og museum i austleg del av planområdet, vil ein flytte trafikken vekk frå dagens avkøyrsel i vest som går ned til akvakulturanlegget, og lage eit klart skilje mellom trafikk for publikum og trafikk knytt til drift av akvakulturanlegget. Planforslaget vil såleis legge til rette for meir ryddig og trafikktrygg tilkomst – både for drift og for publikumstrafikk.

Planavgrensing

Utviding av område omfattar gbnr. 87/2 og 88/6 (skravert område i kart, Figur 1). Tidlegare varsla planområde var på om lag 160 daa. Ved utviding av planområde vil det totale planområdet omfatte om lag 169 daa. Det kan verte mindre justeringar av planområde ved framlegging av planforslag, og areal som ikkje er naudsynt for plan vil då bli vurdert tatt ut.

Skisse som ligg vedlagt viser eit foreløpig utkast til plankart (det kan førekomme endringar ved innsending av endeleg planforslag). Tidlegare varsla planområde er merka med blå stipla linje. Mot nord er areal for vernskog inkludert, samt tilgrensande vegareal som ligg i mellom tidlegare planområde og areal for verneskog.
I aust vert det vist til løysing for avkøyrsel til parkeringsareal på sørside av vegen, og då behov for utviding av planområde mot aust.

Areal innanfor planområde utan vist formål vil verte vurdert tatt ut i planprosessen.

Utgreiingsbehov

Føremålet med reguleringsplanen er i hovudsak i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planlagt reguleringsplan vil ikkje legge til rette for tiltak innanfor vedlegg I KU-forskrifta. Planarbeidet vert difor vurdert til ikkje å falle inn under §6 i forskrift om konsekvensutgreiing. Det er også vurdert slik at planen ikkje vil ha vesentlege verknader for miljø eller samfunn, jf. KU-forskifta §§ 8 og 10. Med dette som grunnlag er det vurdert slik at det ikkje vil vere naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing knytt til planarbeidet.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 17.04.2020. Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. E-post: post@ivestconsult.no. Tlf. 97627000/ 96627987.

Vedlegg