Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Planoppstart av kommuneplanens arealdel og utlegging av planprogram

Planoppstart av kommuneplanens arealdel og utlegging av planprogram

Plan-og samfunnsutvalet har i sak 006/20 i møte 11.02.20 vedtatt planoppstart av kommuneplanens arealdel og utlegging av planprogram til offentleg ettersyn med heimel i plan-og bygninglova §§ 4-1, 11-12 og 11-13. 

Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, framdrift, medverknad og kva utgreiing det er behov for.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk-høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, innan 04.05.2020.