Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Kunngjering av vedtatt endring av plan - Færøykavlen

Kunngjering av vedtatt endring av plan - Færøykavlen

Kinn kommune har i vedtak datert 06.02.2020 godkjent endring av reguleringsplan for Færøykavlen, gbnr 27/11, hytteområde, Planid 1401-19900101, med planomtale/ROS-analyse og plankart datert 31.10.19 og føresegner sist datert 06.02.2020.

I eldre reguleringsplan for Færøykavlen (datert 20.02.1990) er området regulert for fritidsbygg med 7 utleigehytter, friluftsområde langs strandlinja, samt sjøhus og båthamn ved sjøen mot sør.

Ved reguleringsendring vil formål for fritidbygg for utleigehytter verte endra til formål for fritidsbustad og totalt tal for fritidsbustader bir redusert frå 7 fritidsbustader i eldre plan til 5 fritidsbustadar Areal for friluftsformål vil ved endring auke frå 3,4 daa til ca. 7 daa. For areal ved sjøbu stadfestar reguleringsendring dagens situasjon og godkjente løyver.

Planvedtaket vert hermed kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. 

Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til Kinn kommune, via skjema "klage på plan eller byggesak" på www.kinn.kommune.no, på epost til post@kinn.kommune.no, eller i post til postboks 294, 6701 Måløy, innan 13.03.2020.

Plandokument