Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Kunngjering av plan til høyring - Øyra, Nordalsfjord

Kunngjering av plan til høyring - Øyra, Nordalsfjord

Plan og samfunnsutvalet har i sak nr. 010/20 godkjent at framlegg til Privat detaljreguleringsplan for Øyra, Nordalsfjord gbnr 76/3, fritidsbustad/utleige, planid 20200102, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2, § 12-10 og § 12-11.

Hovudformålet med plan er å tilrettelegge for etablering av 3 fritidsbustadar for utleige innanfor areal avsett til turisme/fritidsføremål med vegtilkomst. Planlagde tiltak er i samsvar med føremål i gjeldande kommuneplan, men med krav om regulering av området før utbygging.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn på kommunen si internettside www.kinn.kommune.no og på Informasjon og service i tidsrommet 21.02.2020-03.04.2020.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, innan 03.04.2020.

Plandokument