Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Kunngjering av plan på høyring - Middagshaugen

Kunngjering av plan på høyring - Middagshaugen

Plan og samfunnsutvalet har i sak. nr. 005/20 godkjent at framlegg til Detaljreguleringsplan for massetak Middagshaugen, gbnr 293/1, planID 20200101, med planomtale med ROS-analyse, føresegner og plankart datert 04.12.19 og andre tilhøyrande plandokument vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med PBL §5-2, §12-10 og § 12-11.

Kvernevik AS ønskjer å leggje til rette for massetak og massedeponi for reine massar for del av gnr./bnr. 293/1 som ligg aust for Allmenningsfjellet om lag 300 m nord for kryss mellom riksveg 15 og fylkesveg. Etterbruken blir regulert til gokartbane i samsvar med overordna plan.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn på kommunen på Informasjon og service i tidsrommet 21.02.2020-03.04.2020.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. Du kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no, innan 03.04.2020.

Plandokument