Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Kunngjering av plan på høyring - Gate 2 til Gate 4, Gottebergselva

Kunngjering av plan på høyring - Gate 2 til Gate 4, Gottebergselva

Plan og samfunnsutvalet har i saknr 009/20 godkjent at framlegg til til Detaljreguleringsplan for Gate 2 - Gate 4, Gottebergselva, gangveg, planid 20200103, med planomtale med ROS-analyse, føresegner og plankart datert 27.01.2020 vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 5-2, § 12-10 og § 12-11.

Hovudformålet med planarbeid er tilrettelegging for ein meir trafikktrygg tilkomst for skuleelevar til Vågsøy Ungdomsskole. Planområdet strekker seg frå Gate 2 i sør til Gate 4 (nedre del av Vågsøy Ungdomsskole sitt område) i nord, med tilgrensande bustadareal i vest og vegareal i aust. Gangvegen som planframlegget legg til rette inngår i kommunedelplan trafikksikring. I tillegg vert det regulert inn område for konsentrert småhusutbygging ved sida av ungdomsskulen, på areal tidlegare avsett til offentleg bygg/leikeplass, og som har vore nytta til barnehage.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn på kommunen ved Informasjon og service i tidsrommet 21.02.2020-03.04.2020.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema som du finn i kommunen sitt søknadssenter. Du kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via epost til post@kinn.kommune.no, innan 03.04.2020.

Plandokument