Kinn Kommune

Samfunn

Samfunn

Kinn kommune med byane Florø og Måløy finn du ute ved kysten, heilt nord i Vestland fylke, med om lag 17.500 innbyggjarar. Næringslivet har eit sterkt eksportretta næringsliv både innan petroleums-, maritime- og marine næringar, skipsverft og har lang tradisjon innanfor fiskeri og oppdrett. Fleire av bedriftene ligg i toppsjiktet både nasjonalt og internasjonalt. Dei siste åra har kommunen markert seg sterkt innan teknologiutvikling og grøn IT.

Kinn kommune har ikkje eigen administrasjon for næringsutvikling. Aksello AS, Måløy Vekst AS og Fjordkysten AS er næringsapparatet til Kinn. Bedriftene er næringslivet og kommunen sitt felles organ for langsiktig samfunn, næringsutvikling og reiseliv.

Kommunalsjef for Innovasjon og utvikling er eit sentralt bindeledd mellom kommunen og næringsapparatet. Oppfølging av mål, strategiar og handlingsplanar blir i all hovudsak følgd opp av selskapa i samsvar med avtalar som blir inngått mellom selskapa og kommunen. Kommunen sitt strategiske arbeid blir utført av administrasjonen saman med politisk leiing. Dei kommunale vegane, hamnene er óg omfatta av tenesteområdet næring og samferdsle.

Tenesteområda

Tenesteområda i kommunen er delt inn i sentraladministrasjon, barnehage, grunnskule, kommunehelse, pleie og omsorg, barnevern, sosialteneste, kultur, fritid og kyrkje, plan, byggesak og miljø, næring og samferdsle, bustad, brann- og ulukkesvern, vatn, avløp og renovasjon.

Kinn har 13 skular. Av dei er 2 reine ungdomsskular og ein 1-10 skule. I tillegg kjem kulturskulen. Det er 2340 elevar i grunnskulen. Kinn har 17 barnehagar, 4 av dei er private. Det er 834 barn i barnehagane i Kinn kommune.