Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Politikk

Politikk

I Noreg har vi kommuneval kvart fjerde år. Valet i 2019 blei spesielt, då kommunane Flora og Vågsøy slo seg saman og vart Kinn kommune 1. januar 2020. Kinn har 17.500 innbyggjarar og 1600 kommunalt tilsette. Det første kommunestyret i Kinn vart konstituert 25. september 2019, og er det øvste styrande organet i kommunen. Politisk leiar for kommunen er ordførar, og administrasjonen er leia av rådmannen.

 

Politikarportal

Du som politikar kan logge inn i politikarportalen og finne innkalling til møter, referat frå tidlegare møter og møteplan.

Politikarportalen

Styringsmodell

Kinn kommune er styrt etter formannskapsmodellen, med kommunestyret som høgste politiske organ med 39 medlemmar. 11 personar frå kommunestyret sine medlemmar utgjer formannskapet som sit heile 4-års perioden. Saker som er behandla i politiske utval går direkte til kommunestyret for endeleg behandling, med enkelte unntak der vedtaksmynde er delegert til utvala. 

Klikk for stort biletePolitisk organisering 

 

 

 

 

 

 

Ordførar Ola Teigen (Ap) frå Florø.

Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) frå Raudeberg.

Kommunestyret har 39 medlemmar fordelt på 9 politiske parti: 

Formannskapet har 11 medlemmar fordelt på 8 politiske parti:

Politiske utval

Nedanfor finn du oversikt på dei politiske utvala i Kinn kommune. Du får meir informasjon om medlemmar og leiar av utvalet ved å trykke på lenka.

 

Eigarskapsmelding

Med eigarskapsmeldinga ønsker kommunen å vera ein tydeleg eigar med eigarkrav basert på definerte mål med eigarskapen i det einskilde selskap. Tydeleg eigarstrategi er nødvendig verktøy for medlemer av folkevalte organ og særleg for valte styremedlemer som skal representera kommunen i dei ulike selskapa. Det er viktige verdiar, interesse og samfunnsfunksjonar som vert forvalta i dei kommunale selskapa. Kommunen sine innbyggjarar vil difor vere opptekne av at desse selskapa vert forvalta på best mogeleg måte.

Dei kommunale selskapa representerer store verdiar og sjølve styringa av selskapa ligg utanfor kommuneadministrasjonen og dei politiske organa sine styringsliner. Selskapa sine strategiske mål vert i stor grad utforma av styra og styret har også ansvar for å vidareutvikla selskapsstrategien og arbeida for å realisera selskapa sine mål.

Eigarskapsmeldinga (sett inn lenke) vart sist revidert i kommunestyremøte 06.11.2019

Politiske reglement

Dei politiske reglementa finn du her.