Kinn Kommune

Organisasjon

Organisasjon

Klikk for stort bilete

Styringsdokument

Økonomiplan og handlingsprogram 2020-2023

 

Administrativ organisering

Kinn er delt i fem sektorar og hver sektor har ulike tenesteområde.

Dei fem sektorane er: Oppvekst & undervisning, Helse og velferd, Økonomi, Samfunn, kultur og miljø, Innovasjon og utvikling. I tilegg har kommunen avdeling for Informasjon og service, som ikkje er eigen sektor, men nytta som fellesnemning for stab og støttefunksjonar direkte underlagt rådmannen.  

 

Delegering og fullmakter

Kinn kommune er organisert med to organisasjons- og fullmaktsnivå.

Fullmaktsnivå 1: Rådmannen, assisterande rådmann og kommunalsjefar.

Fullmaktsnivå 2: Stabsleiarar, tenesteleiarar og mellomleiarar i tenestene (ei teneste er ei sjølvstendig administrert eining; skule, institusjon o.l.).

  • Tenesteleiarane leiar, styrer og kontrollerer si teneste etter delegert mynde frå rådmannen.
  • Stort sett all mynde er delegert til nivå 2, med unntak av oppseiingar og lønsfastsetting.
     

Administrativ styringsgruppe 

Rådmannen er øvste administrative leiar i Kinn kommune. Rådmannsgruppa (RG) består av rådmannen, assisterande rådmann og kommunalsjefar. Leiargruppa (LG) består av rådmannsgruppa samt kommuneadvokat, leiarar av økonomiavdelinga, personal- og organisasjonsavdelinga, informasjon- og serviceavdelinga, innkjøpsavdelinga og fag- og utviklingsavdelinga.

Administrativ leiing

Rådmann: Terje Heggheim

Assisterande rådmann: ubesatt stilling

Controller: Berit Osa

Informasjon og service: Linda Myhre Larsen

Personal- og organisasjon: Trond Ramstad Olsen

Kommuneadvokat: Sissel Nærø

Innkjøpsavdeling: Arve Klokk

Fag og utvikling: Anders Moen

Oppvekst og undervisning, kommunalsjef: Ellen Jåvold

Helse og velferd, kommunalsjef: Norunn Stavø

Økonomi, kommunalsjef: Linda Nipen

Samfunn, kultur og miljø, kommunalsjef: Rolf Bjarne Sund

Innovasjon og utvikling, kommunalsjef: Kristin Maurstad

 

Arbeidsmiljøpris og skulemiljøpris - statuttar

Målet med arbeidsmiljøpris i Kinn kommune er å motivere til aktivitetar som har ein positiv verknad på arbeidsmiljøet. Inspirere leiarar, tilsette og elevar til å fremme positive prosessar og tiltak for best mogleg arbeidsmiljø. Prisen kan tildelast enkeltperson eller fleire, klasser eller avdelingar.

Grafisk profil, kommunevåpen og presentasjonsmal