Kinn Kommune

Ung i Kinn

Ung i Kinn

Kinn kommune er eit lokalsamfunn med MOT. Vi jobbar for at barn og unge i Kinn skal vokse opp i eit trygt og godt miljø og bli robuste unge mennesker.

Du kan også engasjere deg politisk som ung i Kinn. Ungdomens kommunestyre har 21 medlemmar fordelt på ungdomsskulane og vidaregåande skular i Eikefjord, Måløy og Florø. Det er val av ungdommens kommunestyre i Kinn annan kvart år.

Ungdomsstilbud / ungdomsklubb

Kinn kommune stiller ikkje krav til ungdommane sin ideologi, ferdigheter eller interesser. Kommunen gir tilbud om samvær og aktivitetar innangfor rammer som er rusfri og haldningsskapande. Ungdomsklubbar er eit supplement til frivillige organisasjonsar, og eit opent lågterskeltilbod.

Haffen ungdomshus i Florø

Torggata 1 – Kontaktperson Carina Takle-Hillersøy, tlf. 976 17 293.

Kafe, dans, bandrom, møterom, musikk, Nintendo Wii, flatskjerm, skating m.m.

Åpningstider måndag og onsdag kl. 18.30 – 21.30, fredag kl. 19.30 -23.30, lørdag kl. 13-16.

Måløy ungdomsklubb

Open for alle frå og med 8. klasse.

Ungdomsklubben held til i Turnhallen i Måløy, lengst nord i Gate 1.

Åpningstider fredagar kl 19.00 - 23.00

Ungdommens kommunestyre UKK

Ungdommens kommunestyre har 21 representantar valgt frå heile kommunen. Ungdom som er eller blir 13 til 19 år i valåret, og som er busette i kommunen, kan veljast. Valet gjennomførast kvart annan år, og er same året som det vert gjennomført kommunestyre- og fylkestingsval- og stortingsval.

Tal representantar UKK er fordelt slik:

Skule

Tal representantar

Flora vidaregåande skule

6

Måløy vidaregåande skule

5

Flora ungdomsskule

4

Vågsøy ungdomsskule

4

Eikefjord skule

2


MOT

Kinn kommune er MOT kommune.

UNG i Måløy.

UNG i Måløy er ei facebook-side til bruk og nytte for ungdom og ungdomsarbeidarar i kommunen. For informasjon og tilbakemeldingar til og frå ungdom. Velkommen til å delta!