Dette er ei lovpålagd teneste, du kan ha rett til BPA dersom:
- Du er sterkt funksjonshemma
- Du er under 67 år med eit langvarig og stort behov (minst 25t/veke) for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet
Retten til BPA gjeld også for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.
Brukarstyrt personleg assistanse omfattar også brukarar som ikkje kan ta hand om brukarstyringa sjølv. Dette inneber blant anna at personar med utviklingshemming, og familiar med barn med nedsett funksjonsevne, kan få brukarstyrt personleg assistanse. Brukarstyringa ivaretakast då av andre personar på vegner av eller i samarbeid med brukaren.
Unntak er viss kommunen kan dokumentere at organisering av ordninga vil føre til vesentleg auka kostnad for kommunen.