Rutinar for besøk på institusjon (korona)
Mange pasientar og brukarar i helse-og omsorgsinstitusjonane er særs sårbare for smitte med Covid-19 på grunn av alder og enkelte kroniske sjukdomar. Vi ønskjer å legge til rette for besøk, samstundes som vi må unngå at vi får smitte inn i institusjonane. Det er difor innført besøksrestriksjonar og rutiner for besøk.
Les også oppmoding frå leiinga på Kulatoppen, Furuhaugane og Florø omsorgssenter om smitteverntiltak og rutinar på omsorgssenter.
Før besøk
- Besøk må alltid avtalast på førehand.
- Person med Covid19 (truleg eller bekrefta smitte, eller er i karantene), kan ikkje komme på besøk.
- Person som har vore i utlandet eller område i Norge med høg førekomst av smitte med covid-19, bør ikkje komme på besøk før 10 dagar etter heimkomst.
- Person med luftvegssymptom, kan ikkje komme på besøk.
- Person som testast for Covid19, kan ikkje komme på besøk før negativt prøvesvar foreligg og er symptomfri.
Under besøk
- Besøkande må alltid skrive seg inn i besøksprotokollen.
- Handhygiene: besøkande skal vaske hender / spritvask ved ankomst, også ved besøk utandørs.
- Besøkande skal gå direkte til og frå rommet og ikkje opphalde seg i fellesareal.
- Om pasienten/beboaren ikkje har einerom, skal besøket tilretteleggast i besøksrom.
- Besøkande skal halde minst 1 meter avstand til ansatte og andre pasienter/beboare.
- Besøkande bør også halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, men det kan gjerast lokale vurderingar.
- Pasienter/beboere kan ta imot gåver, blomster og liknande så lenge god håndhygiene blir fulgt.
- Om besøkande har med mat skal handhygiene utførast før maten blir servert.
- Besøkande skal ikkje nytte kjøkken på institusjonen.
- Pasienten/beboaren bør utføre handhygiene når den besøkende forlater rommet.
- Besøk utanfor institusjon må avklarast med leiar og det må skje i samsvar med gjeldande nasjonale smittevernråd og det er viktig at pårørande gjer seg godt kjende med desse i forkant.
- Besøkande som får symptom på Covid19 i etterkant av besøk, skal ved prøvetaking opplyse at dei har vore på besøk på institusjonen som del av smitteoppsporinga
Publisert avHenrik Ulriksen
Sist endra09.12.2020 14.23