Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Koordinerande eining

Koordinerande eining

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre din rett til koordinator og individuell plan.

Om eininga, skjema og retningsliner

I lenkene nedanfor finn du meir informasjon om eininga, søknadsskjema og retningsliner.

 

Individuell plan

Individuell plan er ei skjematisk oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for kortsiktige og langsiktige mål for deg som brukar. Vi nyttar elektronisk Individuell Plan – Sampro. Ingen tenesteytarar kan bli fritatt frå å nytte verktøyet – om brukar ønskjer verktøyet.
 
Planen skal:
  • Bidra til eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • Tilpassast behova til den einskilde brukar.
  • Sjå framover, og beskrive både langsiktige og meir kortsiktige mål.
  • Vere eit levande verktøy for å vurdere og koordinere tiltak som kan bidra til å dekke brukaren sine behov.
  • Bidra til å styrke samhandlinga mellom tenestene og brukar, eventuelt pårørande, og mellom tenesteytarar og etatar på tvers av forvaltningsnivåa.
  • Utarbeidast ilag med brukar eller eventuelt pårørande.

Kontakt

Trude Gulbranson
Leiar
E-post
Telefon 480 80 537


Besøksadresse:
Strandgata 30, rådhus, 4 etasje, 6905 Florø
Postadresse:
Koordinerande eining
Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy