Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Folkehelse i Kinn

Folkehelse i Kinn

Folkehelsearbeidet skal fremme befolkinga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. 

Folkehelsearbeidet skal vere kunnskapsbasert, og ny teknologi skal takast i bruk der det er relevant. Arbeid for god helse er eit mål i seg sjølv og ein av samfunnet sine viktigaste ressursar. 

Faktorar som påverkar helsa 

Helsa blir påverka av grunnleggande forhold som levekår og oppvekstvilkår, arbeid og arbeidsmiljø, bumiljø og andre miljøfaktorar.  

Det må leggast til rette for at alle barn og unge skal få ein god start i livet, for eit inkluderande arbeidsliv med trygge og helsefremmande arbeidsplassar, og for aktiv og trygg aldring.  

Det er viktig å legge til rette for eit samfunn som styrkar innbyggarane sine moglegheiter til å ta ansvar for eiga helse, trivsel og meistring.

Investering for betre liv og berekraftig samfunn

Satsing på folkehelsearbeid er ei grunnleggande investering for betre liv og eit berekraftig samfunn, og det er nødvendig for å nå berekraftsmåla til FN, der god helse er eit av måla. 

God helse er ein føresetnad også for andre mål, som for eksempel eit produktivt arbeidsliv, effektiv læring og overskot til å bidra i frivillig arbeid.    

Sjukdom og låg funksjonsevne medfører påkjenningar og kostnader både for den enkelte og for samfunnet i form av helse- og omsorgstenester, sjukefråvær og redusert livskvalitet.

I Folkehelsemeldinga – Gode liv i eit trygt samfunn (2018 - 19) blir det lagt vekt på å skape eit trygt samfunn og fremme helsevennlege val. Særleg på nokre område ønsker regjeringa å forsterke innsatsen: 

  • tidleg innsats for barn og unge
  • førebygging av einsemd 
  • mindre sosial ulikskap i helse 
  • Samskaping 

Folkehelsearbeidet går for seg i stort sett alle sektorar og på alle forvaltingsnivå. Difor må frivillig sektor, ideelle organisasjonar, næringslivet og offentlege myndigheiter samarbeide om innsatsen.

Folkehelsetilstand i Kinn kommune

Kommunen skal ha oversikt over helsestilstanden i befolkinga og kva faktorar som kan verke inn. Folkehelseoversiktsdokumentet for Kinn kommune skal hjelpe oss til å gjere gode vurderingar i det langsiktige og strategiske folkehelsearbeidet. Folkehelseoversikt for Kinn kommune.

Folkehelseinstituttet utarbeider årleg ein folkehelseprofil for alle kommunar og fylker. Folkehelseprofil for Kinn 2020.

Vestland fylkeskommune har laga Folkehelsebarometeret som er ei samla oversikt over alle kommunane.

Lovar og reglar

Kontakt

Elisabeth Solheim
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 975 25 814

Besøksadresse
Strandgata 30, 6905 Florø

Postadresse
Postboks 294, 6701 Måløy

Birte Sandal Rikstad
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 975 84 747

Besøksadresse
Gate 1 64, 6700 Måløy

Postadresse
Postboks 294, 6701 Måløy