Kinn Kommune

Innbyggarvarsling

Innbyggarvarsling

Vi tar i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varsle deg som bur innanfor eit geografisk område om hendingar via SMS.

Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon.

Når blir systemet brukt?

Vi informerer våre innbyggarar digitalt ved hendingar der det er aktuelt. Dette kan til dømes vere ved stenging av vatn, stengte vegar, evakuering, og andre servicemeldingar som krev rask informasjon til deg.

Korleis finn vi deg?

Det blir nytta tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

Privatpersonar
Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Difi. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og e-postadresse i det felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen derifrå. Du kan oppdatere kontaktinformasjonen din her.

Bedrifter
Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressen varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistrene. 

Tilleggsregister
Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønskjer å motta varsel for ein bedrift eller for ein adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. Sjå varslemeg.no

Har du ikkje blitt varsla?

  1. Er du folkeregistrert på di adresse?
  2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?

Kva kan du gjere?

Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret. Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere deg i Varsling24 sitt tilleggsregister. Hugs å endre på dette dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og vert berre nytta av Kinn kommune.

Har du skjult/hemmelig nummer blir du ikkje varsla. Du må då registrere deg i tilleggsregisteret, og krysse av for "hemmelig nummer".