Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 
24.09.2021 14.01

Ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre

Klikk for stort bileteHer ser du Ungdommens kommunestyre på sitt første møte saman med ordførar Ola Teigen Kinn kommune Som ung i Kinn kan du engasjere deg som politikar og fremje saker som opptek ungdommen. 

Ungdommens kommunestyre har 21 representantar valgt frå heile kommunen. Ungdom som er eller blir 13 til 19 år i valåret, og som er busette i kommunen, kan veljast. Valet gjennomførast kvart annan år, og er same året som det vert gjennomført kommunestyre- og fylkestingsval- og stortingsval.

Tal representantar UKK er fordelt slik:

Skule

Tal representantar

Flora vidaregåande skule

6

Måløy vidaregåande skule

5

Flora ungdomsskule

4

Vågsøy ungdomsskule

4

Eikefjord skule

2


UK er eit folkevald organ og følgjer reglane i kommunelova.

Komplett oversyn på medlemar i ungdommens kommunestyre finn du i vår møteplan.