Kvifor vert reguleringsplanen utarbeidd
Formålet med planen er å byggja eit hydrogenanlegg for produksjon av hydrogengass og flytande hydrogen. Gjeldande områdeplan må endrast fordi den ikkje er avklart for dette konkrete tiltaket.
Hydrogen til drivstoff vert produsert med vatn og straum, brukere er skip som heilt eller delvis kan nytte komprimert hydrogen. Tiltakshavar har fått støtte gjennom Enova sitt program «hydrogenproduksjon til maritim transport 2027», og omsøkt anlegg vert eit bidrag til avkarbonisering av den maritime verksemda.
Anlegget vil bli ein del av Noregs infrastruktur for hydrogenbunkring. Konteinarane vert fylt og mellomlagra på utskipingsområdet. HyFuel planlegg å bruke kai på Fjordbasen for kontainerbytte. Planforslaget skal leggja til rette for del av ny veg til Rota, produksjonsanlegg for hydrogen, fyllestasjon og lager for hydrogenkonteinar.
Planområde
Planområdet ligg lengst vest på Fjord base sitt område, heil ut mot fjorden. Det er ein del av eit større
industriområde, sjå kartutsnitt under. Planområdet er merka med gul sirkel.
Førebels plangrense skal sikre nok areal til tomta og omkringliggjande omsynssoner knytt til brann- og eksplosjonsfare. Planområdet kan verte mindre om trong for omsynssoner kan reduserast. Det blir avklart i planfasen.
Informasjonsmøte og vidare prosess
Det vert det arrangert eit informasjonsmøte i januar 2024. Dersom du ynskjer å delta, send e-post adressa di til solveig.renslo@multiconsult.no.
Merknader og opplysningar til planoppstart og til planprogram, kan sendast til: solveig.renslo@multiconsult.no. Merknadsfrist er 13. februar 2025.
Multiconsult svarar ikkje direkte til merknadstillar, merknadene vert kommentert og følgjer saka vidare til den politiske handsaminga. Plandokumenta blir sende til Kinn kommune for politisk handsaming i løpet av våren. Kommunen avgjer om planen skal leggjast ut på høyring, høyringa blir kunngjort som dette.
Kinn kommune har i samsvar med plan- og bygningslova § 4-2 vurdert at planen skal konsekvensutgreiast. Ta gjerne kontakt med Solveig Renslo på e-post eller telefon 90 167 167 dersom du har spørsmål.
Vedlegg